Hopp til innhold

Åtvarar: – Skummel situasjon for skikøyrarar

Vedvarande svake lag i snøen gjer at ekspertane no åtvarar dei som har tenkt seg ut på skitur i bratt terreng.

 I nesten hele landet finnes også et vedvarende svakt lag som gir en utfordrende skredsituasjon, selv der faren er moderat.

VER OBS: Ulike periodar med snøfall har gjort at det som ser ut som stabil snø kan vere ustabil.

Foto: tmeling@nordtind.no

– Sjølv om snøskredfaren no «berre» er moderat har vi no ein skummel situasjon for skikøyrarar, seier snøskredvarslar Heidi Bache Stranden til NRK.

Sidan nyttår har Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) fått inn over 50 meldingar om skredhendingar i Noreg. Fleire av dei alvorlege.

Med mykje snø, særleg i fjellstroka i Sør-Noreg, meiner NVE at det er grunn til å rope eit varsku. Det sjølv om faregraden ligg på moderat dei fleste stadar.

– Situasjonen er skummel fordi det er krevjande for deg som ferdast i fjellet å vurdere kvar det er trygt, seier Stranden.

Vaktleder snøskredvarslinga, Heidi Bache Stranden

SKREDVARSLAR: Heidi Bache Stranden er ein av dei som føl nøye med på utviklinga i snøskredfaren.

Foto: Varsom.no

– Kan bli lurt

Ho peikar på at det er lett for deg som skikøyrar å løyse ut skred nokon få stadar, men du klarer ikkje å sjå overflata der desse stadane er.

– Det er ikkje lett å løyse ut skred «overalt» slik det var før helga, men om du treffer på dei få stadene det er mogleg, er konsekvensane like store.

Store turskisenter, som til dømes Sogndalsdalen og Myrkdalen, melder at det er mange som legg turen innover i fjellet.

– Av røynsle er det akkurat under slike situasjonar som no at vi får fatale ulykker fordi både ekspertar og meinigmann kan bli lurt til å tru at det er trygt, seier skredeksperten.

Snø på veg inn frå havet

I dei mest populære fjellområda, så opplever ein no også store temperaturskilnader mellom høgfjellet og låglandet.

Onsdag morgon var det til dømes minus 22 grader nede i Hemsedal, medan det «berre» var 11 minus i 1300 meters høgde.

Utover torsdagen vil deler av kysten og fjellområda i Sør-Noreg få inn større mengder snø. Ute i Norskehavet og i Nordsjøen står snøbyene nærast i kø.

Laster Twitter-innhold