Hopp til innhold

Åtvarar mot nytt livsfarleg dop

Politiet åtvarar mot PMMA, eit nytt og livsfarleg narkotisk stoff som er i omløp i Bergen.

Olav Valland

Politistasjonssjef Olav Valland seier det absolutt er grunn til å åtvara ekstra mot PMMA.

Foto: Marion Solheim / NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Stoffet kan lett forvekslast med ecstasy eller amfetamin, men er mykje giftigare og har tidlegare ført til fleire dødsfall i Norge.

I Hordaland har politiet gjort 22 beslag av PMMA det siste halve året, viser tal frå Kripos.

– Blei redda frå døden

NRK har snakka med ein bergensar som fortel at han har prøvd stoffet.

– Eg har sjølv tatt det. Eg fall om og vakna tilfeldig av at eg fekk ei bøtte vatn i ansiktet, altså var det nokon som redda meg. Elles hadde eg stroke med. Dette er dødsdop, seier mannen.

Etter denne hendinga har han alltid forsikra seg om at det ikkje er PMMA i stoff han kjøper.

– Skummelt stoff

Politiinspektør Olav Valland ved Bergen Sentrum Politistasjon ber folk vera på vakt.

PMMA-piller beslaglagt i USA

PMMA-piller frå eit beslag i USA.

Foto: Justisdepartementet i USA/Wikipedia

– Dette er eit stoff som har vist seg å ha ganske skumle reaksjonsmønster. Så det er absolutt grunn til å åtvara ekstra mot dette stoffet, seier Valland.

Den som får stoffet i seg kan hallusinera, få hjartebank og bli svært uroleg. Dødsfall kan oppstå på grunn av hjerneslag eller at hjartet sviktar.

PMMA kom på narkotikalista for berre fire månader sidan, etter påtrykk frå Statens legemiddelverk.

Video Liliane Bachs

Folkehelseinstituttet har tidlegare gått ut med åtvaringar mot PMMA. Sjå intervju med Liliana Bachs frå Folkehelseinstituttet.