Hopp til innhold

Hus i Øygarden totalskadd etter lynnedslag

Det varsla kraftige regn- og toreveret har nå treft Hordaland. På Rong i Øygarden fekk eit hus store skader etter at lynet skal ha slått ned.

Brann Øygarden

OVERTENT: Ingen personar var i huset på Rong i Øygarden då brannen starta.

Foto: Bergen Foto og Media

Det skal ikkje ha vore personar i huset då det begynte å brenne. Brannen blei meldt like etter klokka 18.

– Huset er overtent, men det er ikkje fare for at den skal spreie seg, sa operasjonsleiar Morten Rebnord i politiet like før klokka 07.00.

Ein halv time seinare var brannen på det næraste sløkt. Huset har fått store skadar.

Brann Øygarden

KOM RASKT TIL STADEN: Mannskap frå fleire brannstasjonar tok del i sløkkinga.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Det starta og å brenne i eit hus på Fosse i Meland etter eit lynnedslag onsdag kveld. Brannen blei raskt sløkt. Huset skal berre ha fått mindre skader.

Meldt om kraftig nedbør

Store delar av Vestlandet får kraftig nedbør fram mot torsdag morgon.

– Fronten som kjem innover Hordaland er rimeleg intens, seier regionsjef Brigt Samdal i NVE.

Lokalt kan det komme inntil 60 millimeter nedbør på tre timar. Nedbøren vil auke i intensitet frå klokka 20 og utover kvelden.

Fram til klokka 21 var det komen til saman 36 millimeter nedbør på Gullfjellet i Bergen i løpet av tre timar. I den same perioden var det komen 18 millimeter i Bergen.

Oransje farevarsel

Fylkesmannen åtvarar kommunar og beredskapsaktørar mot været.

Meteorologane sende tysdag ut oransje farevarsel for styrtregn over Vestlandet. Onsdag ettermiddag og utover natta er det venta kraftige byger i Hordaland, Sunnfjord, Sogn og Nord-Rogaland.

– Dei siste prognosane viser at Hordaland er sikra store nedbørsmengder, og at det er mogelegheit for store nedbørsmengder også i Nord-Rogaland, i Sunnfjord og i Sogn, seier vakthavande meteorolog Gunnar Livik.

Oppdatert nedbørs- og tordenkart

OGSÅ TORE: Karta viser dei oppdaterte nedbørs- og torevarslane for onsdag ettermiddag og utover.

Foto: Meteorologisk institutt

Størst fare midt i Hordaland

Farevarselet vart onsdag formiddag nedjustert frå oransje til gult for Nordfjord.

Lenger sør ser det verre ut.

Beredskapsseksjonen hjå Fylkesmannen i Vestland har sendt ut eit varsel til kommunane og beredskapsaktørar der dei ber kommunane følgje utviklinga tett og vurderer behov for beredskap og førebyggjande tiltak.

«Det er venta mykje regn og kraftige regnbyer frå onsdag kveld, lokalt opp mot 110 mm nedbør fram til torsdag føremiddag, og det kan kome opp mot 60 mm/3 timar. Det er usikkerheit knytt til både plassering og nedbørsmengde, men per no viser prognosane at midtre strøk av Hordaland vil kunne vere mest utsett», skriv fylkesmannen.

– Vi har kalla inn ekstra mannskap, og er budde på ein lang natt, seier brannsjef Leif Linde i Bergen til BA.

Laster Twitter-innhold

Kald luft er årsaka

Byene er venta å komme inn seint onsdag ettermiddag, og onsdag kveld og tidleg natt til torsdag er det er venta periodar med kraftig regn og torevêr.

– Prognosane begynner å bli meir einige i at det er dei nemnde regionane som får kraftigast nedbør, seier Livik.

Årsaka til styrtregnet er den kalde lufta som torsdag kjem frå Nordsjøen og tek over for varmlufta som siste dagane har kvilt over store delar av Sør-Noreg.

– Det er mykje fukt i lufta og ustabile luftmassar. Det er venta at ein kald luftfront kjem inn mot ytre strøk i løpet av ettermiddagen. Dette vil gi nedbør og byedanning. Dei største nedbørsmengdene kjem sannsynlegvis utover kvelden, seier Livik.

Flaum- og jordskredfare

NVE har heva farevarselet for jord- og flaumskred frå gult til oransje i Hordaland.

– Fronten som kjem innover Hordaland er rimeleg intens. Regnet kjem frå sør og treffer mellom anna Fusa, Kvam og Granvin med full kraft. Samtidig kan uvêret treffe lenger sør og ut mot kysten, seier Brigt Samdal, regionsjef i NVE.

NVE har sett beredskap og vil følgje situasjonen tett. Det er venta jordskred.

– Det er vanskeleg å sei noko om kor det vil skje. Det kan også komme flaum i små vassdrag, og vi oppfordrar folk til å halde seg unna vassdrag som er kjend for å gå ut over sine breidder, seier Samdal.

Det er framleis varsel på gult nivå for Sogn og Fjordane og deler av Møre og Romsdal.

Brigt Samdal - NVE

BEREDSKAP: – NVE har sett beredskap og held tett kontakt med kommunane, seier Brigt Samdal, regionsjef i NVE.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

Kansellerer alle helikopterflygingar

Equinor har kansellert alle helikopterflygingar til og frå Nordsjøen på grunn av vêret. Om lag 1600 arbeidarar som skal til eller frå Nordsjøen blir ramma av dette ifølge Equinor.

– Kanselleringa skuldast lyn og tore, samt tåke som er i ferd med å sige inn. Om lag 800 personar i Florø, Bergen og Stavanger ventar på å bli frakta ut på plattformene, mens like mange ventar på å få komme heim, seier Morten Eek, pressekontakt i Equinor, til NRK.