ATV rulla ned skråning

To vaksne og sju born er involverte i ein ATV-velt i Øystese i Kvam. Politiet opplyser at køyretøyet skal ha velta og rulla ned ei skråning. To luftambulansar og eit redningshelikopter er på veg til staden. Skadeomfanget er ukjent.