Onsdag og torsdag kjem eit lågtrykk inn over landet og det vert store nedbørsmengder på kysten.
– Vi forventar ein alvorleg situasjon som krev førebuing og som kan medføre alvorleg skade, seier Elise Trondsen i flaum- og jordskredvarslinga til NVE.
For onsdag er det sendt ut raudt farevarsel for snøskred frå Hardanger i sør til Ofoten i nord.
Særleg Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal vil få mykje nedbør, men heller ikkje Trøndelag og Nordland vert skåna for regnet.
– Dette er det nest høgaste nivået av snøskredfare. Nedbør og vind vil kunne skape særs store, naturlege skred, seier vaktleiar i snøskredvarslinga, Odd Arne Mikkelsen.
SNØSKREDFARE: Det er sendt ut raudt farevarsel for snøskred for store delar av landet.
Foto: Skjermdump / NVEKan bli alvorleg skade
NVE har sett faregrad til oransje for regn i Sogn og Fjordane, Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal og Oppland.
– Onsdag og torsdag vil det falle mellom 100 og 200 millimeter nedbør på Vestlandet, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.
Meteorologen seier det vil regne heilt til topps på fjellet. Dermed vert det ikkje påfyll av snø i høgfjellet denne gong.
Snarare tvert i mot.
NVE bur seg på at snøsmelting vil kome på toppen av nedbøren i Sør- og Midt-Noreg.
Trondsen i flaum- og jordskredvarslinga ventar skred, omfattande overfløymingar og erosjonsskadar.
– Dette er ein uvanleg situasjon, seier Trondsen, og oppmodar folk om å førebu seg.
Også før helga meldte Meteorologisk institutt om ei «atmosfærisk elv» av tropiske luftmassar som er på veg over Noreg.
Mildvêr
Med lågtrykket frå vest vert det og mildare over store delar av landet.
I overgangen til mildvêret kan det bli utfordrande køyreforhold, og det er sendt ut farevarsel på is i Nordland og Trøndelag frå i natt når mildvêret trekk innover landet.
Farevarsel: Overgangen frå vinter til regn og mildvêr gjer at det kan bli frykteleg glatt på vegane natt til tysdag i Trøndelag og Nordland.
Foto: Meteorologisk InstituttFrå onsdag kan kvikksølvet krype opp mot 10 plussgrader i vest.
– Frå torsdag kveld kan vi kanskje bikke ti grader enkelte stadar også på Austlandet, seier statsmeteorolog Rannveig Eikill.
Farevarsel om vind
I tillegg er det meldt om kraftig vind og meteorologane har sendt ut gult farevarsel for Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og Troms.
Periodevis er det venta vindkast på 30-35 meter per sekund enkelte stadar og på onsdagen ligg det an til storm langs kysten av Nordland.
– Det ser og til at det kan bli storm langs kysten av Trøndelag, så det blir mykje vêr denne veka, seier Eikill.