Hopp til innhold

Arkitektar med sterk kritikk mot kommuneplan

Sogndal kommune har store planar for utviklinga av sentrum. Arkitektar fryktar at det visuelle inntrykket i Fjøra skal bli endra for all framtid.

Sogndal sentrum

FORTETTING: Sogndal kommune skal byggje tettare i sentrum. Ikkje alle er like glade for korleis dette er tenkt utført i praksis.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Sogndal er i vekst og treng fleire bustader. Kommunen har difor utarbeida ein plan som skal legge opp til fortetting og utvikling i sentrum.

– Når vi er i vekst, så må vi hugse å legge føringar for korleis utviklinga skjer. Vi treng ikkje takke ja til alle tilbod som kjem, vi kan bestemme kva vi vil med Sogndal, seier landskapsarkitekt og høgskulelektor Anne Tibballs.

Ønskjer debatten velkomen

Ho meiner fortetting har blitt eit overordna prinsipp som overskygger alt anna. Og ho fryktar at Sogndal sitt særpreg skal gå tapt. Difor etterlyser ho klare føringar for komande utbyggingar.

– Det er ikkje naudsynt å detaljutforme noko, men dei må seie meir enn dei gjer i denne planen om kva kvalitetar dei vil bevare, seier Tibballs.

Landskapsarkitekt Anne Tibbals

KRITISK: Landskapsarkitekt Anne Tibballs er kritisk til kommunen sine planar for utvikling av Sogndal sentrum.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

I ryggen har ho Sogn og Fjordane Arkitektlag og Norske landskapsarkitekters foreining sitt lokallag i Sogn og Fjordane. Saman har dei skreve ein høyringsuttale, som reiser kritiske spørsmål til kommunen sine planar for sentrum.

Den er no ute til høyring og omfattar store deler av Sogndal sentrum: frå Sogndalselvi i aust og sentrumsparken i vest, til Gravensteinsgata i nord og fjorden i sør. Frist for å kome med innspel til planen er sett til 23. november.

Ordføraren meiner debatten som arkitektane reiser er viktig.

– Det ville vore trist om ikkje dette hadde engasjert folk og det ikkje hadde vore ulike meiningar om korleis me skal utvikla oss vidare, seier Jarle Aarvoll.

Kritiske til bustadplanar på Lerumskaia

Arkitektane er kritiske til planane og det dei karakteriserer som einsretting av bygningsmiljøet i Sogndalsfjøra, dårleg tilrettelegging for mjuke trafikantar og dårleg utnytting av Lerumstomta nede på kaia.

På det siste punktet meiner Tibballs at kommunen har latt seg styre av marknadskreftene og ikkje sagt klart nok ifrå korleis dei ønskjer det skal sjå ut.

Lerum skal flytte syltetøyproduksjonen frå fabrikklokala på kaia i Sogndal til industriområdet på Kaupanger. I staden vil det kome 150 til 184 bustader.

– Vil ikkje dette føre til meir liv nede ved fjorden?

– Det er ikkje feil å ha bustader der. Men det er viktig å ha tilbod som trekkjer ålmenta ned, ikkje berre dei som bur der, seier Tibballs.

Ordførar Jarle Aarvoll seier bustadplanane stemmer med kommunen sine ønskjer om fortetting i sentrum.

– Me har sagt me ønskjer nærings- og bustadutvikling i det området, med tett utnytting. Så det har me faktisk sagt ganske mykje om. Men korleis det vil bli utforma, det veit me ikkje noko om enno. Det vil me først ta stilling til når me kjem til utbyggingsplanen, seier Aarvoll.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jarle Aarvoll

ØNSKJER DEBATT: Ordførar Jarle Aarvoll er ikkje einig i all kritikken, men ønskjer debatten velkomen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Store dimensjonar

I planen er det lansert to alternativ til utbygging. Det største vil romme 184 leilegheiter, noko som er fem gonger så mykje som på Sjøkanten i dag. Eit bygg som har hausta mykje kritikk. Det minste utbyggingsalternativet er på 148 leilegheiter og svarar til det firedoble.

Coop Extra i Sogndal og Sjøkanten

MINIPUTT: Med sine 35 leilegheiter er Sjøkanten ein miniputt samanlikna med utbyggingsplanane på Lerumskaia.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dette meiner arkitektane vil endre det visuelle inntrykket av Fjøra totalt og for all framtid.

– Formuleringane får dei stå for. Me har bevisst lagt ut to alternativ og vil ta imot innspel på dei alternativa. Og så det er ikkje sikkert at det blir nokon av dei, når ein har høyrt på det som kjem inn, seier Aarvoll.

Han trur den planlagde utbygginga ville ha opna tilgangen til ålmenta.

– Det er ikkje opent i dag, no er det eit industriområde, seier Aarvoll.

Skal utvide Fjørevegen i sentrum

Tibballs er også kritisk til at planen legg dårleg til rette for dei mjuke trafikantane i sentrum.

– Det er tydeleg at det er behova til bilen og dei køyrande som er førande for utforminga av gater i Fjøra, seier ho og trekkjer fram Fjørevegen som døme.

Der er det i dag fleire stader vanskeleg for to bilar å passere. Kommunen ønskjer difor å utvide til tofelts veg med fortau på begge sider. For å få til dette er det foreslått å fjerne eitt eller fleire hus som står langs vegen i dag.

– Det å ta vekk kvalitetane i Fjørevegen, for at det skal vere ein tilkomstveg til Lerumskaia, er ein trist ting å gjere, seier Tibballs.

Dei vil heller at gata skal utformast som eitt stort fortau, der bilane skal få lov til å køyre, på dei gåande sine premissar.

Ordførar Jarle Aarvoll er ueinig i kritikken.

– Eg skjøner ikkje heilt kva dei meiner. Er det noko me er opptekne av, både i kommuneplanen og i denne områdereguleringsplanen, så er det vilkåra for dei gåande og dei syklande, seier han.

Litt ros på tampen

Tibballs roser kommunen for gode intensjonar, men meiner kommunen ikkje har jobba nok for å ta vare på kvalitetane som er i sentrum i dag.

– For ein kan ikkje rekne med at dei utbyggjarane som kjem, har det som sitt formål. Politikarane må vere bevisste at utbyggjarane representerer sterke interesser, som i første rekkje er opptatt av god utnytting av tomta, seier ho.

Jarle Aarvoll meiner dei nettopp vil klare å ta vare på dei store linjene med planen som no skal vedtakast.

– Me har vore opptekne av å møte den nye tida, samtidig må me ta vare på det stadbundne. Me er opptekne av å sjå eit større område samla, det er difor me har ein områdereguleringsplan. Det er klart at når det kjem til utbygging av dei enkelte tomtene, så blir det ein utbyggingsplan og då skal ein så klart ta omsyn til omgjevnadene, seier han.