Hopp til innhold

Her skal dei leggja til rette for 3000 fleire innbyggjarar innan 2030

Om 17 år kan det vera 3000 fleire innbyggjarar i Sogndal enn det er i dag.

Sogndal sentrum

SKAL GJERA PLASS TIL 3000 TIL: Rådmann Jostein Aanestad seier dei skal leggja til rette for 3000 fleire innbyggjarar på 17 år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Me ønskjer å leggja til rette for 3000 fleire innbyggjarar fram til 2030, seier Jostein Aanestad, rådmann i Sogndal kommune.

– God folketalsutvikling

Jostein Aanestad

AMBISIØSE MÅL: Rådmann Jostein Aanestad.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sogndal har i dag litt over 7000 fastbuande, og i tillegg har dei om lag 2000 studentar og skuleelevar i skuleåret. Aanestad presiserer at dei 3000 innbyggjarane dei vil auke med, skal vera fastbuande.

– Sogndal har hatt ein folketalsvekst på mellom 100 og 200 personar kvart år dei siste åra, og det er ein fin utvikling, og med det grunnlaget so ser me at me i 2030 kan ha behov for bustad til 3000 fleire menneske, seier Aanestad.

Illustrasjon for Sjøkanten i Sogndal

POPULÆRT: Leilegheitene ved Sjøkanten gjekk unna som berre det.

Foto: Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS

Etter at det kom leilegheiter og nye butikkar på den gamle slakteritomta ved Sjøkanten, har det segla opp som ein av dei mest attraktive leilegheitene i heile regionen.

Laurdag skreiv Sogn Avis om at Lerum skal flytta syltetøyproduksjonen sin frå fabrikklokala på kaien i Sogndal til fabrikken på Kaupanger. I same slengen vil entreprenøren byggja 100 til 150 bustader på fabrikktomta i Sogndal sentrum.

Lerumkaien

FLOTTE TOMTER: Vekk med fabrikken, inn med leilegheiter.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ny strandlinje

Planane er også klare for den nye fjordstien, som skal gå frå Loftesnesbrua til Stedje Camping, og allereie om to år kan dei første leilegheitene stå klare på fabrikktomta til Lerum.

Han seier det har vore eit mål for kommunen å opne sentrum meir mot fjorden.

– Om tre år ser strandlinja i Sogndal heilt annleis ut enn den gjer i dag.

– Blir desse leilegheitene det nye luksusstrøket i Sogndal?

– Det er mange flotte strøk i Sogndal, so det er opp til utbyggar kva for profil dei vil ha på utbygginga. Men at det vil bli ein del av bustadforsyninga i Sogndal i framtida er positivt.

Aanestad seier at dei ser føre seg å starta bygginga av fjordstien hausten 2013, og at arbeidet vil halde fram eit par år.