Hopp til innhold

Arbeidsulykke på Mongstad: Skal ha falt 10 – 20 meter

Naudetatane har rykka ut til ei arbeidsulykke på Mongstad. Ein mann har falle ned frå eit stillas. Det er ukjend status på vedkommande.

– Det er meldt at mannen skal ha falt og landet på eit betongdekke. Vedkommande skal vera skadd, men skadeomfanget er ikkje kjent, seier operasjonsleiar Stine Mjelde i Vest politidistrikt.

Ifølge 110 Vest skal mannen ha falt mellom 10 og 20 meter.

– Det er ikkje visst akkurat kor mange meter mannen har falt, men det er snakk om ei betydeleg høgde, seier Mjelde. Det vart sendt ut luftambulanse til staden, men mannen blir no køyrd til Haukeland universitetsjukehus i ambulanse.

– Mannen var bevisst då han vart køyd vekk, fortel Mjelde.

Politiet blei varsla om ulykka klokka 13:34 i dag.