Hopp til innhold

Fleire er utan jobb i fylket

Arbeidsløysa i Sogn og Fjordane har gått opp med to prosent samanlikna med for to år sidan, då fylket også opplevde ein svak oppgang i personar som er utan arbeid.

Årdalstangen sentrum

HØGST: Årdal har høgst ledigheit i fylket med 3,8 prosent.

Foto: Atle Romøren

– Det er to år sidan vi sist hadde ein auke i arbeidsløysa samanlikna med året før, men auken er berre på to prosent, seier direktør for Nav Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes i ei pressemelding.

Årsaka til at auken ikkje er større, er at fleire personar er i arbeidsmarknadstiltak

2,4 prosent heilt utan arbeid

Det er 14 fleire arbeidsledige i Sogn og Fjordane no enn i september 2011. Trass i auken har fylket framleis lågast arbeidsløyse i landet.

Då september månad var slutt, var det 909 personar i Sogn og Fjordane som var heilt utan arbeid. Det svarar til 1,6 prosent av arbeidsstyrken.

Til samanlikning er 2,4 prosent av arbeidsstyrken på landsnivå heilt utan arbeid.

Talet på personar i arbeidsmarknadstiltak har auka frå 81 i september i fjor til 150 i år, noko som er ein auke på 85 prosent.

Størst auke innan undervisning

Arbeidsløysa har auka mest innan undervisning og barne- og ungdomsarbeid, som har ein auke frå september i fjor på høvesvis 75 prosent og 24 prosent.

Industri har ein auke på sju prosent. Størst reduksjon i arbeidsløysa har òg ingeniør- og ikt-fag og bygg og anlegg, med høvesvis 59 og 28 prosent.

Høgast ledigheit i Årdal

Årdal har med 3,8 prosent høgast arbeidsløyse, tett følgt av Vågsøy (3,0 prosent) og Bremanger (2,9 prosent). Den negative utviklinga i Årdal er knytt til oppseiingar og permitterte i industrien.

I andre enden av skalaen er sju kommunar, som alle har ei arbeidsløyse på under éin prosent. Aller lågast er arbeidsløysa i Jølster med 0,3 prosent.

I Aurland, Fjaler og Vågsøy er arbeidsløysa dobla frå september i fjor. Aurland og Fjaler har likevel ganske låg arbeidsløyse. Størst reduksjon har Jølster med 76 prosent og Balestrand med 44 prosent.

Inga endring i permitterte

68 av dei heilt ledige i fylket er permitterte. Dette er om lag som september i fjor. 32 av dei permitterte kjem frå fiskeindustrien, 12 fleire enn på same tid i fjor.

Auke i tal ledige stillingar

Det blei registrert 393 nye ledige stillingar i september, ein auke på fire prosent frå september i fjor. Auken er størst innafor butikk- og salsarbeid.