Hopp til innhold

134 er arbeidslause - men Olaf får ingen søkjarar på ledige stillingar

I Vågsøy skal det vere 134 arbeidslause for tida. Då er det rart at ingen av dei søkjer på ledige jobbar, synest dagleg leiar Olaf Barmen i Måløy Bilistsenter.

Olaf Barmen, dagleg leiar av Måløy Bilistsenter

FORUNDRA: Dagleg leiar Olaf Barmen i Måløy Bilistsenter.

Foto: Janne Weltzien Listhaug / Fjordenes Tidende

Shell-stasjonen i Måløy sentrum hadde nyleg ute ei stillingsannonse med fleire ledige stillingar. Barmen fekk ti søkjarar, men berre tre av dei var frå Vågsøy, og ingen av dei var mellom dei som figurerer i statistikken over arbeidsledige.

– Då har vi det for godt

I Fjordenes Tidende stiller han spørsmålet om det verkeleg er slik at Vågsøy har størst arbeidsløyse i fylket når ingen av dei arbeidslause søkjer på ledige stillingar.

– Vi bur i eit land der vi kan seie nei takk til arbeid fordi vi ikkje vil jobbe kveldar og helger. Då har vi det for godt. Det er noko riv ruskande gale med systemet når det får slike konsekvensar, sa Barmen til avisa.

Etter at artikkelen kom på trykk har Barmen fått ein søknad til, og no har han tilsett dei han treng. Men han er svært forundra over at arbeid på bensinstasjonen ikkje er attraktivt for dei arbeidslause.

– Det blir rart når du les i avisa kor ille det er å bli arbeidsledig etter mange år i fiskeindustrien, og så søkjer dei same folka ikkje på ledige stillingar, seier han til nrk.no.

(Artikkelen held fram under biletet).

Måløy Bilistsenter

IKKJE ATTRAKTIVT FOR ARBEIDSLEDIGE? Måløy Bilistsenter.

Foto: Svanhild Breidalen / Fjordenes Tidende

– Merkeleg

Presseansvarleg Frode Henden i NAV Sogn og Fjordane synest det er merkeleg at ingen av dei arbeidsledige i Vågsøy søkte på dei ledige jobbane på bensinstasjonen.

– Dette har vi ikkje sansen for. Vår haldning er at det er mykje betre å gå til ein eller annan jobb enn å ikkje gå til noko. Både vi og den lokale NAV-leiaren er forundra over dette.

– Kva trur du er grunnen til at ingen av dei 134 arbeidsledige i Vågsøy har søkt på desse jobbane?

– Dersom dette stemmer har vi ein jobb å gjere med å motivere folk og få dei til å forstå at det er nødvendig å kome seg i arbeid att, lite eller mykje, sjølv om det ikkje er den jobben dei primært er ute etter. Kva som helst slags start er mykje betre enn ingenting.

(Artikkelen held fram under biletet).

Frode Henden

- MERKELEG: Presseansvarleg Frode Henden i NAV.

Foto: NAV / NRK

– Ventar på "rette" jobben

Sjølv om tilfellet i Måløy er spesielt er det ikkje eit ukjent fenomen for Henden at arbeidslause vegrar seg for å søkje på ledige jobbar.

– Det er slik blant dei arbeidslause som med folk elles at ein del jobbar er meir populære enn andre. Dei arbeidssøkande er i første rekkje ute etter ein jobb innanfor bransjar og lønsvilkår som samsvarar med kompetansen deira.

– Då er det vår oppgåve å motivere dei til å forstå at dei kan handtere andre typar jobbar og at det i alle fall er lurt dersom dei ventar på den "rette" jobben, den dei har mest lyst på.

Utsegna til Barmen om at det er noko gale med systemet vil ikkje Henden kommentere, han seier at det er eit spørsmål for politikarane, NAV si oppgåve er å handtere det reglementet som eksisterer.

– Meir attraktivt å vere arbeidslaus?

Olaf Barmen i Måløy Bilistsenter kan forstå at det kan vere ein overgang for folk som har arbeidd i fiskeindustrien å gå til ein jobb på ein bensinstasjon, men han forstår ikkje at dei heller vil vere arbeidsledige.

– Vi betalar tariffløn, rett nok er det ikkje verdens best betalte arbeid, men vi har eit godt arbeidsmiljø, dei tilsette trivst. Når vi så ikkje får ein einaste søknad frå dei mange arbeidsledige er det lett å tolke det slik at det er meir attraktivt å gå arbeidslaus enn å vere i fast arbeid, iallfall om sommaren.

Frode Henden i NAV Sogn og Fjordane avviser at det løner seg å heve arbeidsløystrygd framfor å jobbe.

– Det må vere i heilt spesielle tilfelle. Får du ei deltidsstilling på 50-60-70 prosent kjem du betre ut av det økonomisk enn ved å gå på dagpengar. Men først og fremst er det viktig for den vidare karrieren at folk viser interesse og tek imot jobbtilbod og gjerne gjer noko anna enn dei har gjort tidlegare.