Hopp til innhold

Appellerer til Frp-ordførarar sitt samvit

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) appellerer til Frp-ordførarane Terje Søviknes og Sigbjørn Framnes sitt samvit i samband med at dei tek imot doble godtgjerdsler for politisk arbeid. Begge er ordførar i heimkommunane sine samtidig som dei tek imot store godtgjerdsler frå Vestland fylkeskommune. Søviknes får ei samla løn på over 1,9 millionar, Framnes får 1,65 millionar.

– Det er urimeleg, men ikkje ulovleg. Fylket har laga eit system som skulle hindra slike urimelege utslag som dette, men me har ikkje heimel til å krevja avkorting. Dermed vert det opp til den einskilde sitt samvit å avgjera. Fylket landa i vår ei moderasjonsline, der også fylkesordførar og varaordførar gjekk ned i godtgjerdsle. Desse to får all godtgjerdsle frå fylke og kommune, og eg klarar ikkje sjå at dei kan yta 170 prosent, seier Askeland.

Han legg til at døgeret har like mange timar for oss alle.

– Godtgjersla til folkevalde er frikjøp frå anna arbeid, men skal heller ikkje vera ein måte å tena meir enn ein elles ville hatt utsikter til. Søviknes og Framnes meiner det er ingen grunn til å kritisere lønna dei får.

Jon Askeland
Foto: Bård Siem / NRK