Hopp til innhold

Ap-årsmøtet refsa Solhjell

Årsmøtet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti refsar miljøvernministeren for å ha trenert saka om gruvedrift i Engebø i Naustdal.

Sogn og Fjordane Ap-årsmøte

REFSA SOLHJELL: Årsmøtet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

SV-statsråd Bård Vegar Solhjell vedtok å utsetje heile saka, same dagen som regjeringskollega Trond Giske lanserte ei positiv melding om gruvedrift.

Fylkesleiar Nils P. Støyva i Ap er mektig irritert.

– Minner om uthaling

– Eg er veldig skuffa over Miljøverndepartementet i denne saka. Saka har lege i departementet i langt over eitt år, og dei har ikkje svart. Eg synest dette minner om uthaling, obstruksjon kalla eg det i min opningstale, og det står eg fast på.

– Kva tenker du om timinga på at dette brevet kom omtrent samstundes som mineralmeldinga til Trond Giske?

– Det er uheldig, mildt sagt.

(Artikkelen held fram under biletet).

Nils P. Støyva

- UTHALING: Leiar Nils P. Støyva i Sogn og Fjordane Ap.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vil møte Solhjell

No krev Ap i Sogn og Fjordane eit møte med Solhjell for å stake ut vegen for gruvedrift. Eit samla årsmøte gjekk inn for gruvedrift, og no vil stortingsrepresentant Ingrid Heggø møte miljøvernministeren.

– Eg er sjølvsagt lei meg for at det vart endå eitt års utsetting. Det vi gjer no er at vi skal ha eit møte med Bård Vegar Solhjell saman med ordføraren i Naustdal. Der skal vi sjå på dei fem punkta Miljøverndepartementet kravde.

(Artikkelen held fram under biletet).

Tor Bremer og Ingrid Heggø

VIL MØTE SOLHJELL: Ingrid Heggø skal møte miljløvernministeren. Til venstre Tor Bremer.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Må få eit klart svar

Ingrid Heggø meiner dei fem punkta er utforma slik at det ikkje er nokon ende på saka.

– Då kan dei kreve stadig nye utgreiingar, så vi må få det konkretisert, slik at vi får eit klart svar på at når dette er oppfylt så skal dei få eit ja til gruvedrift.

– Kor enkelt er det å samarbeide med SV i denne saka?

– No har eg ikkje hatt møte med Solhjell enno, så det vil vise seg. Men eg vil no tru at også han er interessert i å finne ein ende på ting, slik at vi kan få ei avgjerd i den eine eller andre retninga.

Lars Haltbrekken - mot gruvedrift

MARKERING MOT GRUVEDRIFT: Utanfor årsmøtehotellet var det markering mot gruvedrift. Her er det Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet som held appell.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK