Kripos har i heile natt granska staden der 22 år gamle Anne Slåtten vart funnen død tett ved Angedalsvegen mellom Førdehuset og rekkjehusa i Vaskarvollen.
Kripos på drapsstaden. Foto: Rolf Sanne-Gundersen
- Kriminalteknikarar og taktiske etterforskarar har gjort ei førebels undersøkjing som gjer at politiet no er sikker på at dette er ei kriminell handling, seier lensmann Kjell Fonn. Det er enno ikkje mistenkte i saka.
Politiet er interessert i å kome i kontakt med to bilistar som vart observerte i området i tidsrommet då Slåtten vart drepen. Syklisten som politiet etterlyste i dag tidleg, har no meld seg for politiet.
Høyrde rop
Ein nabo har meldt seg og fortalt at han høyrde rop frå ei kvinne i det aktuelle området natt til søndag. Politiet har ikkje fått opplyst nøyaktig tidspunkt for desse ropa. Naboar av sjukepleistudenten har opplyst at dei høyrde dusjing kring klokka 06.30 søndag morgon. Dette og kvinneropa er truleg dei siste vinteobservasjonane politiet har tilgang på så langt i etterforskinga.
Møtte ikkje på jobb
Foto: Rolf Sanne-Gundersen
Slåtten vart sist sett då ho gjekk og la seg på rommet sitt rundt klokka 23.30 laurdag kveld. Rundt klokka 03.30 natt til søndag snakka ho med kjærasten i Stavanger på mobiltelefon.
22-åringen vart først meldt sakna søndag ettermiddag fordi ho ikkje hadde møtt på arbeid ved Helsetunet klokka 07.30.
Anne Slåtten studerte i Førde og var busett i eit hybelkollektiv i Hamretunet i Vieåsen. Ho var førsteårsstudent ved Høgskulen i Sogn og Fjordane si sjukepleieutdanning i Førde, og var innkalla til ekstravakt ved Helsetunet søndag.
Stor leiteaksjon
Det vart sett i gang leiteaksjon ved 16-tida søndag, og 22-åringen vart funnen klokka 12.15 måndag føremiddag. Då hadde 60 personar frå Røde Kors hjelpekors, fire hundeekvipasjar og 10 politifolk leitt etter kvinna i området rundt bustaden og på strekninga mellom Hamretunet og helsetunet.