Hopp til innhold

Ankar saka mot oppdrettarane

Ørjar Nydal saksøkte Staten og Fiskeridirektoratet for å stogge eit oppdrettsanlegg inntil vika der han har eigedom. Nydal tapte i retten. Men no ankar han.

Ørjar Nydal

SKUFFA: Ørjar Nydal fekk ikkje medhald i retten mot det planlagde havbruket i fjorden utanfor garden sin.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg ankar heilt til Høgsterett og Strasbourg om eg må. Arealdelen i denne saka er viktig, og dersom eg får medhald har det tyding for mange, meiner Ørjar Nydal.

Tysdag var han skuffa over at han tapte første runde i tingretten.

– Eg hadde forventa at dette gjekk vegen. Men retten føretrekker Osland havbruk i staden for mi utskiping av sand, sa Ørjar Nydal.

Onsdag var han på tråden til NRK og innser at vedtaket om utskiping av sand og hyttefelt var skjønn, og at det er noko retten ikkje kan endre på.

– Det tek eg til vitande. Men arealdelen betyr mykje for mange. Den kampen vil eg halde fram, seier Nydal.

LES: Ørjar satsar gard og grunn for å stogge oppdrettsanlegg

Konflikt

På Torvund i Høyanger kommune har oppdrettsselskapet Osland havbruk fått løyve til å bygge eit nytt anlegg med oppdrettslaks, og bygginga er i gang.

Nydal meiner Fiskeridirektoratet ikkje hadde lagt nok vekt på konflikten oppdrettsanlegget har med hans eigne planar om å vinne ut støypesand frå eit sandtak i området, og saksøkte Staten og Fiskeridirektoratet.

No har dommen kome, og retten gjev ikkje Nydal medhald. Retten er komen fram til at vedtaket frå Fiskeridirektoratet er gyldig.

Nydal må også betale 50.300 kroner i sakskostnader.

Ørjar Nydal

KRITISK: Ørjar Nydal meinte Fiskeridirektoratet ikkje hadde lagt nok vekt på konflikten oppdrettsanlegget har med hans eigne planar om å vinne ut støypesand.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Uviss anke

Retten meiner saka stiller spørsmål om dei rettslege vilkåra for klarering av lokalitet er oppfylt. Og om det er feil ved Fiskeridirektoratet si sakshandsaming som kan ha hatt innverknad på vedtaket.

Retten kjem fram til at det ikkje er det.

Men i samråd med advokaten sin har Nydal bestemt seg for å anke.

– Høyanger kommune lagde ein arealplan for området i 1987 som skulle fornyast i 1998. Det vart ikkje gjort. I seinare tid har det kome ein temaplan og ein strandanalyse. Men det er kommuneplanen som er juridisk bindande og som vi meiner gjeld framleis. Og der står det ingenting om oppdrettsanlegg, seier Nydal.

Dagleg leiar Erik Osland i Osland havbruk har ikkje lest dommen og vil difor ikkje uttale seg om saka.

Rette instans i Fiskeridirektoratet har ikkje vore tilgjengeleg for ein kommentar.