Hopp til innhold

Angripen av drapsmann då ho skulle jage vekk bubil

Kvinna ville ha vekk bubilen som hadde parkert midt i beiteområdet til dyra hennar. Lite visste ho at sjåføren var ein drapsmann lauslaten på prøve.

Beiteområde

POPULÆRT OMRÅDE: Ved denne vegen i Sogn og Fjordane beitar dyra til kvinna som blei angripen av ein drapsmann.

Foto: NRK

– Eg var ute for å sjå til dyra på beite då eg prøvde å få kontakt med ein som sat i ein parkert bubil. Vi er plaga med at folk villcampar her, fortel kvinna til NRK.

Men der andre villcamparar er høflege og flyttar seg vekk, skjedde det stikk motsette denne sommardagen i 2020.

Brått kom han i eit sprang ut av bubilen og tok armane rundt halsen på kvinna.

Ifølgje tiltalen vrengde han ho rundt slik at ho blei løfta opp. Så kasta han ho hardt mot bakken.

Måtte evakuere

Då kvinna til slutt fekk tak i politiet og dei fann ut namnet hans, så kom ordren kjapt:

– Vi fekk klar beskjed om å kome oss vekk frå området så raskt vi klarte.

Det synte seg at mannen i bubilen var den same som i 2006 blei dømt for knivdrapet på seksbarnsmora Eva Olsen i Tromsø.

I dommen blir drapet skildra som rått og uprovosert.

I 1990 blei mannen dømd for å stikke ein annan mann med ein lang kjøtkniv i Övertorneå i Nord-Sverige. Offeret blei berga av to kameratar.

– Hadde det ikkje vore for dei, hadde eg vore død i dag, sa knivofferet til Dagbladet i 2006.

– Fare for valdsbruk

I tingretten blei tromsmannen dømd til 16 år i fengsel for drapet på seksbarnsmora.

– Vonleg blir eg sitjande så lenge i fengsel at nokon av dei skadelidne kjem til å tilgi meg. Det er dei eg tenker på, sa han i eit avhøyr før rettssaka.

Etter at han hadde sona 2/3-delar av straffa blei han ein fri mann igjen i 2016, skifta namn og busette seg i Oslo.

Dette trass i at psykiatrar har slått fast at mannen har ei personlegheitsforstyrring som kan føre til risiko for framtidig valdsbruk.

Koronasommaren 2020 la han ut på noregsferie i bubil som så mange andre, og tok turen til det naturskjønne området i Sogn og Fjordane.

Der stod striden høgt i sommar om det som blir kalla villcamping. Over alt var det telt, bubilar og folk – og beitedyr.

Kvinnen skal ha blitt knivstukket i dette bolighuset i Tromsø.

BRUTALT DRAP: I 2006 blei mannen dømd for drap på seksbarnsmora Eva Olsen i Tromsø. Han er sjølv far til eitt av barna.

Foto: Torgeir Skeie / NRK

Blei fengsla

Difor var det kvinna tok kontakt med mannen som sat i bubilen sin.

– Det er eit stort problem at folk tar seg til rette her i området, og det forstyrrar beitedyra, fortel kvinna.

Men at mannen ho ville jage vekk, skulle gå til eit brutalt angrep, var ho ikkje førebudd på.

– Det skjedde så fort at eg ikkje fekk tid til å tenke meg om. Eg hadde ikkje med meg mobiltelefon og fekk ikkje varsla før eg kom tilbake til garden.

Lokale politifolk rykte ut og pågreip mannen utan dramatikk. 10. juli blei mannen framstilt for fengsling i Sogn og Fjordane tingrett. Sidan har han vore bak lås og slå i Vik fengsel.

Vil ha forvaringsdom

Politiet og påtalemakta meiner at mannen braut vilkåra for prøvelauslating då han gjekk til angrep på kvinna i sommar.

No vil statsadvokaten krevje at mannen må sone resten av drapsdommen frå 2006 og ein ny dom for valden i sommar.

Men denne gongen krev dei forvaring, som er mykje strengare enn vanleg fengselsstraff.

– Eg vil berre ta meg av dyra mine og leve i pakt med naturen her ute, fortel kvinna som blei angripen av den drapsdømde.

Mannen sin forsvarar, Christian Wiig, ønskjer ikkje å kommentere saka no.