Hopp til innhold

Andrine reagerte på foreldremøtet: – Mange er altfor kritiske mot skulen

Andrine Bruland tok til orde mot uhøflege foreldre. På få dagar er det blitt årets mest populære norske nyheitssak på Facebook.

Andrine Bruland

KRITISK: Andrine Bruland (32) skreiv eit kritisk innlegg om oppførselen til andre foreldre, etter eit foreldremøte. No har det blitt lest over 800.000 gonger.

Foto: Elise Farestveit / NRK

– Det var eit intenst møte. Mykje klaging og sutring frå foreldra, seier psykolog Andrine Bruland (32).

Møtet ho skildrar er eit foreldremøte der fedrar og mødrer til ferske 1.-klassingar var samla. I eit innlegg i Bergens Tidende tek Bruland eit oppgjer med foreldra, som ho meiner retta eit alt for kritisk søkelys mot skulen frå første stund.

«... så begynner kritikken å hagle inn. «Dokumenterer dere skriftlig alle sanksjoner dere setter inn mot hver enkelt elev? Hvordan blir trivselslederne valgt ut? (...) Hva gjør dere med de elendige dusjfasilitetane?» skriv Bruland om foreldremøtet som sjokkerte henne.

Innlegget er til no lest over 800.000 gonger. På Facebook er det del, likt og kommentert over 134.000 gongar.

Vil ha anna fokus

Det er dermed den nyheitssaka som soleklart har skapt mest engasjement på Facebook i Noreg i år. Tal frå Storyboard viser at den har passert VGs sak om Vibeke Skofteruds dødsfall (104.000) og Aftenposten sitt innlegg «Du er ikke blitt sensurert, Sylvi Listhaug. Du er blitt motsagt».

– Eg opplevde at foreldra berre fokuserte på problem. Det var noko med stemninga og tonen som ikkje var greitt. Som om dei nesten hadde bestemt seg på førehand for at dei skulle stille skulen til veggs, fortel Bruland.

Psykologen, som sjølv har barn i 1. og 5. klasse, meiner fokuset burde vore eit heilt anna.

– I staden for å bidra til at det skulle bli eit godt møte, var mange opptekne av andre ting. Glatte fortau utanfor skuleområdet, skruar i porten og kvifor borna ikkje kunne fleire symjeteknikkar når dei skulle begynne i 5. klasse. Som psykolog forstår eg at det handlar om at ein vil det beste for barnet, men eg reagerer på tonen og haldningane, seier Bruland.

Møter motstand

Bruland fortel at ho har fått mange positive tilbakemeldingar.

– Målet er ikkje at ein skal bli redd for å seie noko på foreldremøte. Men eg ønskjer at ein tenker over måten ein lagg fram ting på, samt kvar og når ein gjer det.

Men ikkje alle er einige. Ei anna mor med barn på barneskulen, skriv i ein kommentar til ei deling av innlegget på Facebook at ho heiar på dei kritiske foreldra som kjem med spørsmål og innvendingar.

Også assisterande rektor ved Undheim skule, Camilla Hagevold, er kritisk.

«Her pekes det på en feil noen få gjør, og alle vi andre kan slappe godt av, og peke og le av de brysomme foreldrene som bare klager,» skriv Hagevold i eit BT-innlegg tysdag.

Elever som tegner på tavle i klassesituasjon på barneskole.

MINDRE RESPEKT? Læraren er blitt mindre autoritær og får mindre respekt enn før, trur ein professor på UiO.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– Læraren er mindre autoritær

Stein Erik Ulvund, som er professor i pedagogikk ved Universitetet i Oslo, trur både foreldre og elevar har mindre respekt for lærarar no enn tidlegare.

– Før var læraren ein autoritetsperson for foreldre og barn. Den tida er langt forbi. I tillegg har foreldre travle kvardagar, og stundom vert dei nok frista til å laste nokre av oppgåvene sine over på skulen.

Stein Erik Ulvund

SKEPTISK: Professor Stein Erik Ulvund ved Universitetet i Oslo er ikkje imponert over skildringane frå foreldremøtet. – Eit godt foreldremøte er eit møte der det blir tatt opp tema som mange er interesserte i, og som føregår i ein sakleg tone.

Foto: Idar Krogstad / NRK

– Barn treng tryggleik i at skulekvardagen får støtte både av foreldre og lærarar. Ein bør legge konfliktnivået lågt og snakke pent om læraren, seier professoren.