Hopp til innhold

Anders Beyer sparka som direktør for Festspillene i Bergen – blir omtalt som metoo-sak

Anders Beyer har ikkje lenger tillit som direktør for Festspillene og må gå av. Styret i Festspillene henta ekstern hjelp for å vurdere varselet mot direktøren.

Anders Beyer

SPARKEN: Anders Beyer har vore direktør for Festspillene i Bergen sidan 2012. Han må umiddelbart tre frå stillinga si.

Foto: Fayruz Sado / NRK

– Dette er ein veldig trist dag, seier styreleiar i Festspillene, Thorhild Widvey.

Festspillene i Bergen varsla i ei pressemelding onsdag føremiddag at direktør Anders Beyer må tre frå stillinga etter eit eksternt varsel mot han.

Styret i Festspillene fekk melding om varselet 3. august.

– Innhaldet i varselet var alvorleg, og styret bestemt at det skulle setjast i verk ei ekstern undersøking, heiter det i pressemeldinga.

Dei engasjerte advokatfirmaet Hjort til å laga ein rapport om varselet. Den vart levert 17. september. Rapporten er underbygga med bevis som SMS-ar, e-postar og Messenger-meldingar.

Ifølgje pressemeldinga beskriv rapporten at festspilldirektør Anders Beyer har nytta sin stilling til å forsøka å etablera ein mogeleg privat relasjon på ein måte som blei opplevd som krenkande for den det gjeld.

– Dette har medført at styret ikkje lenger har tillit til Anders, seier Widvey.

Torhild Widvey, MCB i Bergen

Torhild Widvey på veg inn til pressekonferansen i Media City Bergen i dag.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Widvey: – Meir ei metoo-sak

På spørsmål frå NRK vil ikkje Widvey seie når det som er omtalt i varselet har skjedd og over kor lang tid det har gått føre seg.

– Det kan vi ikkje kommentere av hensyn til offeret. Vi fekk varselet i august og tok affære med ein gong, svarar Widvey.

Ho seier til NRK at det er eit samrøystes styre som no ikkje har tillit til Beyer lenger.

- Dette er ikkje noko som har skjedd privat, men noko som har skjedd når han har utøvd sitt embete, seier Widvey.

Kva krenkande atferd er det snakk om? Mobbing eller seksuell trakassering?

– Det er meir ein metoo-sak, vil eg seie. Det å utøve sin posisjon for å prøve å oppnå ein privat relasjon, er uakseptabelt. Det har vi sett mange eksempler på tidlegare, svarar Widvey på spørsmålet frå NRK.

NRK har prøvd å kontakta Beyer for ein kommentar, men har så langt ikkje lukkast i det. Han har ikkje svara på telefon eller tekstmelding om ein kommentar om påstandane.

PRESSEKONFERANSE: Styreleiar i Festspillene i Bergen, Thorhild Widvey, holdt en pressekonferanse i Bergen om avgangen onsdag.

Ikkje meldt til politiet

Ifølgje styret gjeld saka ein relasjon mellom Beyer og ein person som ikkje er tilsett i Festspillene.

– Det er nokon menneskelege omsyn me må ta som veg veldig tungt for kor opne me faktisk kan vera om hendingsgangen. Då tenkjer eg særleg på den fornærma, som ettertrykkeleg har bedt om å få vera anonym, seier Widvey.

Ho seier styret ikkje har vurdert å varsle politiet.

- Har Festspillene fått varsel om Anders Beyer tidlegare?

- Ikkje meg bekjent, eg trur ikkje det ligg føre, svarer Widvey.

Ho vil ikkje kommentere om det er fornærma sjølv som har varsla Festspillene.

– Ein dyktig kunstnarisk leiar

Anders Beyer har vore festspilldirektør sidan 2012, og hadde stillinga på åremål til 2026.

– Beyer har vore ein dyktig kunstnarisk leiar for Festspillene, og har leia oss til program som har engasjert og provosert, seier Thorhild Widvey, styreleiar i Festspillene i Bergen.

–  Me er naturlegvis lei for at Beyers engasjement skulle enda på denne måten, seier Widvey vidare i pressemeldinga.

Beyer får lønn i 12 månader etter sparkinga. Dette utgjer inntil 1,9 millionar kroner.

Programmet for Festspillene i 2022 er ifølgje Widvey bortimot ferdigstilt.

– Styret vil raskt setja seg ned og leggja ein plan for rekruttering av ein ny festspilldirektør, seier Widvey.