Hopp til innhold

Amalie (14) sletta kritisert app: – Halvparten spurte om å få nakenbilete av meg

FYLLINGSDALEN (NRK): Fleire åtvarar mot appen Yubo. Då NRK intervjua Andrea og Amalie om «Tinder for ungdom», fekk ein av 14-åringane tilbod om sex etter få minutt.

Andrea Jensen Johansen (14) og Amalie Pahr Arntzen (14)

FØLGDE STRAUMEN: Andrea Johansen (14) og Amalie Arntzen (14) lasta ned Yubo når alle venane deira gjorde det.

Foto: Hanne Eskeland / NRK

Andrea Johansen (14) og Amalie Arntzen (14) lasta ned Yubo for om lag eit år sidan. Dei visste ingenting om kva appen gjekk ut på.

– Alle andre hadde den. Då ville eg òg vere med, forklarar Andrea.

I likskap med tusenvis av andre norske ungdommar, kjem ungdomsskuleelevane i Fyllingsdalen i Bergen i kontakt med framande på Yubo.

På det dei sjølv kallar «Tinder for ungdom», kan dei chatte når dei får ein «match». Då byrjar ofte ubehagelege førespurnader å dukke opp.

– Det er nokon hyggelege folk på Yubo også, men viss eg får match med 100 stykk, spør sikkert halvparten om å få nakenbilete av meg, seier Amalie.

«Dickpics»

Begge jentene har no slutta å bruke appen på grunn av dei ubehagelege opplevingane. Då dei lasta den ned att for å syne NRK, tok det berre nokre få minutt før ein framand gut spurde om Amalie ville ha sex med han.

Skjermdump av Yubo-samtale

SEXTILBOD: Ein skjermdump frå ein samtale mellom Amalie Arntzen (14) og ein framand gut på Yubo.

Foto: NRK

– Er det vanleg?

– Ja, seier jentene.

I tillegg til spørsmål om sex og nakenbilete, sender fleire gutar «dickpics» utan at mottakaren ynskjer det.

– Første gong eg fekk eit «dickpic» kvapp eg, og kasta mobilen ifrå meg så brått at eg trudde skjermen skulle knusa, fortel Amalie.

Andrea Jensen Johansen (14) og Amalie Pahr Arntzen (14)

ORKA IKKJE: Andrea Johansen (14) og Amalie Arntzen (14) brukar ikkje lenger Yubo, fordi dei fekk så mange spørsmål om nakenbilete.

Foto: Hanne Eskeland / NRK

Får kritikk

Ei undersøking gjort av Medietilsynet i 2018 viser at ein av fem i alderen 13-18 år opplever ubehageleg kontakt av seksuell karakter på nett.

– Vi meiner aktørar på sosiale medium let att auga for dei yngste brukarane, skriv kommunikasjonsdirektør Kristine Meek i Medietilsynet i ein e-post til NRK.

– Det at profilane og samtalene er så opne, gjer det enkelt å finne brukarar på andre plattformer og ta kontakt der, seier Meek.

Appanmeldar Kris Munthe i Barnevakten er også kritisk.

– Ein kan også ha ubehagelege opplevingar på andre appar, men Yubo er spesiell fordi det er så enkelt å snakka med framande. Det er vanskeleg å vere trygg på identiteten til den du pratar med, seier Munthe.

Yubo: – Overvakar chat og bilete

Yubo seier dei jobbar med å forbetre appen.

– Det er umogleg å forhindra at sosiale medium misbrukast, men vi tar stadig steg for å beskytte våre brukarar, seier tryggleiksrådgjevar Annie Mullins.

Ho seier Yubo mellom anna har sett i verk ein analysemetode som skal avsløre falske profilbilete, og brukarar som lyg på alderen.

Dei har også moderatorar som følgjer med på videochattar og bilete, og grip inn dersom retningslinjene blir brotne.

– Vi er proaktive når det gjeld tryggleik, og ynskjer å gi våre brukarar ein god oppleving, seier Mullins.