Ulykka skjedde ved Raunholm mellom Sandvikvåg og Leirvik. Det var ein bil og ein semitrailer som kolliderte.
– Ei kvinne i 30-åra omkom, seier operasjonsleiar Sindre Lotsberg i Sørvest politidistrikt til NRK.
Vegen er stengd. Omkøyring er via Fitjar på fylkesveg 545.
Politiet har avhøyrt vitne gjort undersøkingar på staden.
– Køyretøya blir fjerna i løpet av kvelden, seier Lotsberg.
I 21.30-tida er det framleis ukjend når vegen kan opne. Bergingsbil er ennå ikkje komme, og det er tre køyretøy som må bli berga.
Blir stengd i fleire timar
Politiet melde om ulykka i 16.30-tida. Det var ein person i kvart køyretøy.
– Vegen blir stengd i fleire timar. Eg kan ikkje gi noko estimert tidspunkt for opning. Ulykkesgruppa til Statens vegvesen er på veg til staden for å gjere undersøkingar, sa trafikkoperatør Marianne Hove måndag ettermiddag.
Lastebilsjåføren er fysisk uskadd. Han blir tatt vare på av arbeidsgivaren sin, ifølge operasjonsleiar Lotsberg.
Forsinka bussar
Busslinje 671 og 680 er innstilt på E39 mellom Sandvikvåg og Leirvik. Bussane køyrer omkøyringa om Fitjar, skriv Skyss i ei melding.
– Ein må rekne med store forseinkingar, skriv Skyss.
Kystbussen er også forsinka som følgje av ulukka.
Bussane vil snu på Heiane/Leirvik terminal og køyrer via Fitjar, opplyser Tide.