Operasjonsleiar Terje Magnussen seier til NRK at det var vitne som såg den skada mannen i vegen og varsla dei. Dette var kring 04:30 i dag.
Mannen er frakta til Haukeland universitetssjukehus. Han var medviten, men vart skildra som alvorleg skada.
– Vi gjorde ein del undersøkingar på staden, og sette inn hundepatruljar og anna mannskap. Mannen vart så spora opp i Nesttun-området og gripen 05:45, seier Magnussen.
Magnussen skildrar dei to som kjenningar av politiet, og dei skal vere kjende av kvarandre. Den gripne mannen skal bli avhøyrd i løpet av dagen.