Organisasjonen Natur og Ungdom kjem til å markere sin motstand mot utslepp av gruveavfall under Nordic Mining si generalforsamling i ettermiddag.
Generalforsamlinga skal haldast på eit hotell i Oslo sentrum, og miljøorganisasjonen oppmodar no aksjeeigarane om å trekkje seg ut av gruveselskapet.
Fekk løyve frå regjeringa
– Dump aksjane, ikkje bruk Førdefjorden som avfallsplass, seier leiar i Natur og Ungdom, Arnstein Vestre.
Tysdag 17. april fekk Nordic Mining som kjend løyve til å sleppe ut inntil 250 millionar tonn gruveavfall til Førdefjorden. Selskapet, som er børsnotert, hadde ein markant oppgang i aksjeverdien etter regjeringa sitt vedtak.
- Les også:
Utfordrar til å selje aksjane
No meiner Natur og Ungdom at fleire kjende investeringsselskap straks trekk seg ut av Nordic Mining.
– Eg utfordrar Tine, Skagenfondene og DNB til å trekke seg ut av det som kan bli tidenes største forureiningsskandale, seier Vestre.
– Uhaldbart av Tine
Han reagerer særleg på at Tine er aksjonær i selskapet.
– Det er ingen skam å snu. Det er uhaldbart at Tine mjølk, som er opptatt av rein norsk mat, er investert i et prosjekt som vil føre til auka utslipp av tungmetall og kjemikaliar i ein nasjonal laksefjord, meiner Vestre.
Ønskjer openheit
Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum, seier til NRK at dei ønskjer full openheit rundt alle prosessar.
– Eg har ingen problem med at Natur og Ungdom ønskjer å markere sitt syn i denne saka i samband med vår generalforsamling, seier Fossum.
Har seld seg ned
Informasjonsdirektør i Tine, Lars Galtung, seier til NRK dei selskapet tek Natur og Ungdom sitt utspel på alvor. Men han vil ikkje love at selskapet sitt pensjonsfond vils selje seg heilt ut.
– Vi kan jo ikkje seie at vi skal dumpe desse aksjane på førehand. Vi har til ei kvar tid ei kontinuerleg vurdering av dei investeringane ein er inne i. Vi går i alle fall i rett retning i forhold til det Tine ønskjer seg. Vi har redusert vår andel frå fem prosent til litt under 3,8 prosent, seier Galtung.