I går fekk ein kjemikalietankar motorhavari i Hjeltefjorden i Nordhordland.
Skipet låg og dreiv i ein halvtime med 2000 tonn med fiskeolje ombord.
Vil ha pengar på bordet
Stortingsrepresentant Olav Akselsen har no klar beskjed til fiskeriministeren.
- Desse pengane må finnast så fort som mogleg. Beredskapen må aukast, og depotet på Fedje skal på plass, meiner han.
Lar ikkje departementet kvila
Han har trua på at dette skal lukkast innan neste år.
- Me skal gjera alt me kan for å få det til. Departementet skal ikkje få kvila, og dei skal få klare meldingar om at beredskapen må opp på det nivået han var på før, seier Akselsen.