Eit helikopter og eit mannskap på fire skal hjelpe til med å sende naudhjelp inn i det katastroferamma området.
Marknadssjef Erlend Folstad meiner dei er godt førebudde på det som ventar dei. Sjølv om det er eit nytt og ukjent område for Airlift, er dei vande med fjell og vinteroperasjonar. Folstad trur det er derfor dei vart valt til oppdraget.