Hopp til innhold

«Næringslivet må bli meir kritiske til kven dei kjøper tenestar av»

Kontrollverksemda for utanlandske og norske transportørar er alt for dårleg, seier Jon H. Stordrange, administrerande direktør i NHO Transport. Han seier kjøparane av transporttenester må bli langt meir kritiske til kven dei kjøper tenestene av.

gudvangatunnelen

TRENG BETRE KONTROLLAR: Administrerande direktør i NHO Transport seier det myndigheitene må ha meir omfattande kontrollar i transportnæringa.

Foto: NRK/pressefoto

– Næringslivet har absolutt eit ansvar her. No er det på høg tid med meir omfattande kontrollar i transportnæringa, seier Stordrange.

Etter tunnelbrannane i Gudvangatunnelen i førre veke og Byfjordtunnelen i Rogaland i går med utanlandske vogntog, har politiet bede transportselskapa ta eit større ansvar. Stordrange seier at næringslivet ikkje berre må sjå økonomi men også krevje at transportselskapa dei kjøper tenester av har alt i orden

Vil ha meir omfattande kontrollar

Stordrange seier det burde vere langt meir omfattande kontrollar frå myndigheitene si side når gjeld transportnæringa. Næringa sjølv kan gjere lite med å halde unna useriøse aktørar, seier han.

– Når det gjeld desse utanlandske aktørane finn vi mykje rart, både når det gjeld sjåførane si kompetanse, og ikkje minst standaren på køyretøya.

Større fokus på kvalitet

Stordrange meiner næringslivet er for opptekne av økonomi, og at det må fokuserast meir på kvaliteten av tenestene.

– Vi meiner det må vere meir fokus på kvaliteten, ikkje berre på prisen. Næringslivet er hardt pressa på marginar, men større fokus på kvalitet vil lønne seg over tid, seier Stordrange.

Næringslivet har eit ansvar

No er det på tide at næringslivet tek ei eit større ansvar, og forsikrar seg om kva køyretøy den enkelte aktør brukar, kor gammalt køyretøyet er, og kva teknisk stand det er i, meiner Stordrange.

– Her har næringslivet absolutt eit ansvar, og må sørgje for at leverandørane gjer det dei skal, seier Stordrange.