Hopp til innhold

– Me feirar meir enn berre grunnlova

Statminister Erna Solberg la i sin 17. mai-tale vekt på at me på 17. mai feirar det norske samfunnet, med folkestyre, kunnskap, fellesskap og friheit. Ho takka også spesielt alle som deltar i korps og kor.

Erna Solberg taler på Festplassen i Bergen

HOVUDTALAR: Statsminister Erna Solberg talte på Festplassen i Bergen 17. mai. Sjå heile talen hennar her.

– Kjære bergensarar, kjære alle andre også. Me er jo inkluderande på 17. mai, også i Bergen, sa statsminister Erna Solberg frå scena på Festplassen i Bergen i ettermiddag.

Statministeren er årets hovudtalaren på 17. mai feiringa i Bergen, og gratulerte alle med grunnlova, framtida og barna sin dag. Ho la i talen sin vekt på at me feirar meir enn grunnlova vår på 17. mai.

– Me feirar også samfunnet som er skapt sian 1814 og verdiane som er viktige for oss, sa Solberg.

Eidsvoll-mennene sin innsats i 1814 blei naturlegvis omtalt i talen, og innsatsen deira førte ikkje berre fram til grunnlova våre, men var også starten på det norske folkestyret, sa Solberg.

Ho nemnde også spesielt innsatsen til bergensaren Wilhelm Koren Christie i 1814, og Christian Michelsen sin innsats under unionsoppløysinga nesten hundre år seinare.

– Me feirar særleg alle som deltar i korps og kor

Erna Solberg og Trude Drevland

I PROSESJONEN: Statsminister Erna Solberg og Bergensordførar Trude Drevland gjekk i hovudprosesjonen i Bergen i dag.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Det er ikkje berre orda i grunnlova me feirar, me feirar fødeselen av det moderne Noreg. Me ferier folkestyre, folkets suverne makt i Noreg, og feirar at makta er fordelt slik at det skapar tryggleik og forutsigbartheit i vårt samfunn.

Kunst og kulturlivet i Noreg var noko statsministeren trekte fram i talen sin, og ho la då særleg vekt på frivilligheit.

– Den frivillige innsatsen flerie hundretusen nordmenn gjer kvar dag er etter mi meining noko av det vakraste og beste med Noreg. I dag har me folkefest over heile landet og eg synest det er grunn til å seia at me særleg feirar alle dykk som deltar i kor og korps. Takk for ein fantastisk innsats.

LES OGSÅ: Her ble «Ja vi elsker» til

– Framsynt, men ikkje perfekt

Av andre ting me feiar på 17. mai nemnde Erne Solberg det at me i Noreg lev i eit land med stor friheit frå overgrep, fattigdom, tvang og kontroll, og at me i fellesskap har utvikla eit velferdssamfunn, ein rettsstat og eit demokrati.

– Me feirar handling, ansvar og ikkje minst den viktige og sterke viljen til å skapa endring, sa statsministren.

Ho kalla Eidsvoll-mennene for framsynte, men la likevel vekt på at alt ikkje var perfekt med grunnlova i 1814.

– Nasjonen Noreg blir til medan me går, i dag feirar me at me for 200 år sidan fekk eit godt kart for vegen vidare, avslutta ho med på Festplassen i Bergen.