Hopp til innhold

Kristiansundaren Christie representerte Bergen

Wilhelm Frimann Koren Christie er ein av dei meste kjende eidsvollsmennene frå 1814. Men sjølv om han var fødd i Kristiansund, representerte han ikkje byen på Eidsvoll.

Eidsvollsmenn 1814

SENTRAL: På bilete kan ein sjå Wilhelm Frimann Koren Christie, ved sidan av Grunnlovens far – sorenskrivar Christian Magnus Falsen. På Eidsvoll spelte Christie ei sentral rolle.

Foto: Scan-Foto / Scanpix

– Nei, han representerte Bergen på Eidsvoll, og blei valt inn som første mann frå Bergen, seier historikar Odd Williamsen.

Wilhelm Frimann Koren Christie har etterlate klare spor i ettertida, og gitt namn til fleire gater og plassar i Noreg.

Christie byste

BAUTA: I Kristiansund står ein bauta etter eidsvollsmannen Wilhelm Frimann Koren Christie.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Kristiansundaren Christie

Nydeleg plassert, med utsikt over heile hamna i Kristiansund står ein bauta etter eidsvollsmannen Christie.

For sjølv om det finst minnesmerke etter Christie både i Bergen og framfor Stortinget, var det i Kristiansund han var fødd.

– Han budde i Kristiansund til han blei ti år. Då blei han sendt vidare for å gå på skule, først i Bergen og seinare i København, seier Williamsen.

Og eidsvollsmannen blir godt huska i heimbyen.

– Ettersom han er fødd her, så likar vi å kalle han kristiansundar. Og på skulen lærer elevane at dette er ein mann vi skal vere stolt av, held han fram.

Viktig ressurs

Odd Williamsen

FORTEL: Historikar Odd Williamsen fortel historia om den kjende eidsvollsmannen Christie.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

På Eidsvoll spelte Christie ei stor rolle. Han støtta sjølvstendepartiet og fungerte som sekretær under Riksforsamlinga.

– Christie var den store samlande figuren. Både på Eidsvoll, og i åra som kom, seier Williamsen.

Han var ein skarp jurist og passa på alle formelle avtaler for å forhindre nokre feil.

På Eidsvoll spelte Christie ei stor rolle. Han støtta sjølvstendepartiet og fungerte som sekretær under Riksforsamlinga.

Odd Williamsen

På den måten blei han ein viktig ressurs for begge sider ettersom han tenkte på alle framtidige moglegheiter, og fekk dei på papiret. Etter Eidsvoll blei han formann i komiteen som forhandla med Sverige.

Christie

MANGFALDIG: Christie hadde mange lidenskapar og interesser.

I tillegg har han fått æra for at det norske sjølvstende blei bevart i unionen med Sverige, utan å gjere vesentlege endringar i grunnlova. Hausten 1814 blei han Stortingets første president.

– Christie naut stor beundring både frå norsk og svensk side, og fekk fleire gåver på grunn av innsatsen sin. Blant anna ein gullpokal og snusdåse med diamantar, seier Williamsen.

Gullpokalen fekk Christie i gåve for å ha forma ut det komitesystemet Stortinget framleis bruker i dag.

Mangfaldig type

Eidsvollsmannen var moderne i sitt syn på demokratiet, og ville inkludere bøndene i demokratiet. På den tida betydde bønder alle som ikkje var byfolk.

– For han var det viktig at bøndene skulle bestemme meir, og at stadig fleire bonderepresentantar fekk kome inn på Stortinget, fortel Williamsen.

Wilhelm Frimann Koren Christie var ein mann med mange lidenskapar og interesser.

Han var føregangsmann for museumsarbeid i Noreg, og stifta i 1825 Bergens museum. Han var i tillegg sterkt engasjert i kulturhistorie, arkeologi og språk.

– Han syntest vi skulle ha eit eiget norsk språk, og han gav ut ei svært omfattande ordliste full av norske dialektord. Noko han fekk mykje skryt frå Ivar Aasen for, seier Williamsen.

Grunnloven fra 1814

UNDERSKRIFT: Grunnlova frå 17. mai 1814, med underskrifter i raudt lakksegl frå dei 112 representantane.

Foto: Stortingsarkivet