Hopp til innhold

«Babyboom» blant småfisk – doblar kvoterådet

Fiskarar og forskarar jublar over rekordstor «babyboom» blant den viktige småfisken. For ti år sidan måtte Noreg ta grep for å hjelpe bestanden.

Ein stor handfull tobisfisk.

HØG BESTAND: Etter mange år med forholdsliv lav bestand ser forskarar no ein «babyboom» blant tobisfisken. Etter dei siste tokta til Havforskingsinstituttet blir kvoterådet dobla.

Foto: Åse Husebø / Havforskingsinstituttet

For eitt år sidan skreiv NRK om småfisken tobis, som kokte langs kysten.

Dei enorme mengdene av fiskearten sjokkerte havforskarane, som no har følgt opp den same fisken eitt år etter den store auka.

Resultata viser at dette kullet har stått på, og skapt ein rekordstor «babyboom» blant tobisen.

Det resulterer i ei fangstkvote som er dobbelt så stor som i fjor.

– Utruleg kjekt å få vere vitne til et slikt comeback for denne nøkkelarten, seier forskar Espen Johnsen ved Havforskingsinstituttet.

Forskar Espen Johnsen peiker på ein tobis-stim på ekkoloddet.

STORE STIMAR: Forskar Espen Johnsen seier tobis-arten er vanskeleg å måle med ekkolodd, fordi han gjer mindre ekko enn til dømes sild.

Foto: Åse Husebø / Havforskingsinstituttet

Fiskarane jublar

– Det er som ein presang ifrå ovan, seier fiskar Helge Vikshåland.

I år kan han og kollegaene glede seg til ein rekordgod sesong med den kraftige auka i kvoterådet.

Fiskar Helge Viksåland i Cetus AS.

SPENNANDE: Helge Vikshåland seier tobisfisket et den mest spennande typen fiske dei driv med. – Det er leiting og jakting. Ein kan gå frå lite på ein dag til fleire hundre tonn, seier han.

Foto: PRIVAT

Likevel ventar han med å feire. Tobisfisket er avhengig av godt vêr, og Vikshåland har ikkje tenkt å selje skinnet før bjørnen er skoten.

– Fisken gøymer seg i sanden om det er dårleg vêr og overskya, så me er eigentleg avhengige av at alle dagane er gode.

Historisk sterk bestand

– Då vi var ute på tokt no i april og mai såg vi ein sterk rekruttering, og at det var mogleg å gje ein mykje høgare kvote, seier Johnsen.

Som følge av den historisk sterke rekrutteringa kan HI i år setja det endelege kvoterådet til eit fiske på opptil 250 000 tonn.

Tobis Glesvær

I FJOR: Slik kokte det langs norskekysten i fjor. Store mengder av småfisken tobis blir jakta av makrell.

Men heilt tilfeldig er det heller ikkje, før har bestanden vore lågare. Forskaren seier det har teke ti år å byggje ein så sterk bestand.

– Noreg innførte strengare regulering i 2009 som ser ut til å vere vellukka, fortel Johnsen.

Godt teikn for økosystemet

– Det som gler meg mest som biolog er at vi får ein god bestand av tobis som gjer at økosystemet har gode tider, seier Johnsen.

Forskaren kallar tobisen ein nøkkelart i økosystemet, fordi han er viktig mat for sjøfugl, kval og større fisk.

Trass den rekordstore kvoten, meiner Johnsen det er meir enn nok av småfisken til både fiskarar og rovdyra i havet.

Store mengder av småfisken tobis.

NYTTIG FISK: Tobisen blir brukt til fiskemel og til fiskeolje, og er derfor ein del av f

Foto: Åse Husebø / Havforskingsinstituttet

Og tobisfiskarane, som har måtta halde tilbake dei siste ti åra, får endeleg løn for å ha vore tolmodige.

– Det går frå 5.000 til 13.000 tonn per båt, og fisken kostar tre kroner stykket. Det blir nokre øre av det, seier Helge Vikshåland.

Og skal ein tru fiskaren, lovar det godt for 2021 òg.

– Det ser veldig bra ut, fordi den historiske årsklassen som er eitt år gamle no utgjer ein god del av det me skal fiska neste år, seier han.