Hopp til innhold

– Viktig å vinne siste kampen

Eliteserieplassen er sikra, men for Sogndal-trenar Erik Bakke er det likevel viktig å vinne mot Aalesund i sesongens siste kamp.

iEliteserien fotball 2016. Sogndals trener Eirik Bakke etter kampen Tromsø IL- Sogndal på Alfheim Stadion søndag ettermiddag.Kampen endte 2-0.

NØGD MED SESONGEN: Sogndaltrenar Eirik Bakke

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix

– Eg håpar spelarane i dag kan sleppe seg litt lause, og at vi kan få sjå ein god og underhaldande kamp på Fosshaugane i dag, seier Bakke.

Han er svært godt nøgd med sesongen som dei no er i ferd med å legge bak seg, etter at dei tok steget opp igjen i eliteserien..

– Eg trur vi skal vere godt nøgde. Vi har spelt mange jamne kampar. Nye spelarar har kome inn, og vi har mist nokre viktige spelar. Men no er vi ein god posisjon inn mot siste kampen, der alt eigentleg er avgjort.

Slår Sogndal Aalesund heime sundag, går dei også forbi dei på tabellen og tar niandeplassen.

Laster innhold, vennligst vent..

Håpar på fleire tilskodarar neste år

Hittil i år har det i snitt vore kring 3200 tilskodarar på heimekampane til Sogndal.

Det er meir enn i førre sesong, då laget spelte i førstedivisjon, men mindre enn klubben har hatt på det beste.

Arrangementssjef i Sogndal Fotball, Geir Inge Heggestad, håpar på endå fleire tilskodarar neste år.

– Vi hadde nokre gode år der vi hadde over 3500 i snitt, og det var heilt fantastisk. Men vi jobbar kontinuerleg med å få folk til å kjøpe både sesongkort og billettar til einskildkampar, og eg tru vi kjem til å sjå ein auke i publikumstala neste år, seier Heggestad.

Laster innhold, vennligst vent..

Spesiell dag

For mange av spelarane er det siste kamp i Songdals-trøya. Rune Bolseth gir seg for å verte trenar i klubben. Hannu Patronen og Mahatma Otoo sluttar og Ruben Holsæter vert mest truleg heller ikkje å finne i Sogndalstallen neste år.

– Det er mange som tar avskjed i dag, og då hadde smakt godt med ein siger som avslutning seier Bakke.