Hopp til innhold

– Vi er mange som hadde englevakt

Då Geir Giil (47) såg lastebilhengaren kome mot seg var han sikker på at det kom til å gå veldig, veldig gale. – Ei stund etterpå visste eg ikkje kor eg var eller kva som hadde skjedd.

Trafikkulukke E-39

KNUST: Ein personbil vart knust etter at hengaren på eit vogntog kom over i feil køyrebane.

Foto: Vidar Gudvangen

Marerittet for mange er å sjå hengaren på ein lastebil kome over i feil køyrefelt akkurat når ein kjem køyrande. For Geir Giil frå Florø og seks andre vart det marerittet brått alt for verkeleg søndag ettermiddag.

Dei to bilane var på veg i retning Førde på E39 då turen fekk ein brå slutt like ved Movika.

– Då eg såg hengaren kome var eg sikker på den kom til å ta begge bilane. Eg trudde det kom til å bli veldig, veldig store skader, seier Giil som framleis er skaka etter opplevinga.

– Eg var sikker på at det kom til å bli stygt

Det var like før klokka 16 søndag ettermiddag at den alvorlege ulukka fann stad på E39 i Førde. Giil som er handballtrenar hadde med seg to 15-åringar etter å ha vore på ei handballsamling i Årdal, og var over halvvegs heime då noko gjekk frykteleg gale.

Bilen deira låg bak ein annan personbil då Giil plutseleg såg hengaren på eit vogntog kome mot dei.

– Hengaren skjærer ut, og kjem i full fart mot oss. Den treff den første bilen med ei veldig kraft, og så blir tilhengaren slått tilbake i sitt eige køyrefelt, fortel Giil.

Nær lamslått av det som nettopp har skjedd klarar Giil å svinge litt ut, men treff bilen framfor seg bakfrå.

– Eg kan ikkje setje ord på nøyaktig kva eg tenkte då eg såg hengaren kome, men eg var sikker på at det kom til å bli stygt, seier Giil.

– Det var eit skikkeleg smell og han som sat ved sidan av meg kom med eit veldig utbrot. Så vart det veldig stille.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ulykke i Movika

SKADD: Føraren av personbilen vart send til sjukehus med moderate skader. Også ei kvinne fekk moderate skader etter den kraftige kollisjonen.

Foto: Gudvangen / NRK

– Forferdelege scener

Bilen framfor dei vart knust i den veldig samanstøyten. Inni sat fire personar, føraren fastklemd.

– Vi kom oss etter kvart ut av bilen, og det vart ringt til ambulanse og politi. Då vi kom oss fram til bilen framfor oss såg det ganske ille ut, seier Giil.

47-åringen fortel om sterke scener på åstaden. Fleire var sjokkskadde, mange gret og skrik, fortel han. Mannen som køyrde personbilen som vart knust vart sitjande fastklemd lenge.

– Han var bevisst, men han hadde så store smerter at det var vanskeleg å snakke med han, seier Giil.

Han snakka også med føraren av vogntoget. Ifølgje Giil var mannen sterkt prega av det som hadde skjedd.

– Vi har vore heldige

Ambulanse og politi kom raskt på staden, og brannmannskap kom til for å skjære mannen laus frå bilvraket. I tillegg til føraren vart også ei kvinne innlagt på sjukehus, begge skal vere moderat skadde.

Også dei to andre i den første bilen, lastebilsjåføren og Giil og dei to ungdomane vart sende til sjukehus for sjekk. Men til alt hell gjekk det betre enn det Giil frykta.

– Eg er framleis veldig skaka og sjelven. Det har begynt å gå opp for meg kor heldige vi alle har vore i dag, seier Giil og legg til:

– Det er mange som har hatt englevakt i dag, og det er heilt fantastisk at det gjekk så bra. No får vi berre takke dei som takkast skal, og håpe at vi slepp oppleve dette igjen.

Svært glatt på ulukkesstaden

Årsaka er førebels ikkje kjent, men det skal ha vore svært glatt på ulukkesstaden. Giil seier det vegen var dekt av eit lite snølag, oppå det som truleg var kjølt asfalt.

– Det var ikkje noko brå sving der ulukka skjedde, så eg vart overraska då hengaren kom. Det var såpeglatt på staden, fortel Giil.