Hopp til innhold

Ein person sat fastklemd etter trailerulykke på E39

47-åringen som måtte skjerast laus frå bilvraket, etter at bilen vart treft av hengaren på eit vogntog, har berre fått moderate skader. Ei kvinne er også innlagt på sjukehus med lettare skader etter trafikkulukka utanfor Førde søndag kveld.

Movika
Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det var ein person som sat fastklemd, men det gjekk betre enn frykta fortel innsatsleiar Hans Rune Strandos til NRK.no

Fleire personar får tilsyn grunna sjokkskade. Vegen vart opna for fri ferdsle om lag klokka 18.00.

Treft av hengaren på vogntoget

Ulykka skjedde like før klokka 16 søndag ettermiddag på E39 ved Movika eit par kilometer utanfor Førde. Traileren kom frå Førde, og personbilen kom køyrande sørover.

Trafikkulukke E-39
Foto: Vidar Gudvangen

Hendingsgangen er førebels noko uklart, men ein personbil med fire personar skal ha vorte treft av hengaren på eit vogntog. Vogntoget er norsk.

– Det er små marginar når slike ting skjer, seier operasjonsleiar Kjetil Avsnes i Sogn og Fjordane politidistrikt. Heldigvis gjekk det nokolunde bra denne gongen.

Han fortel at det er glatte vegar fleire stader i fylket, og ber bilførarar om å køyre varsamt.

Lange køar på ulukkesstaden

Ulukke på E-39

LANGE KØAR: Det var lange køar på E-39 søndag ettermiddag

Foto: Vidar Gudvangen

Føraren av personbilen sat fastklemd ei god stund før bergingsmannskap klarte å få han ut, og mannskap jobba på spreng i mørke og med tett snødrev.

Føraren av vogntoget skal vere fysisk uskadd. Det skal vere snakk om store materielle skadar.

Det var svært glatt på ulukkesstaden som følgje av tett snøkave og nullføre, og etter ulukka hopa søndagstrafikken seg opp i begge retningar.

No går trafikken som normalt litt sør for Førde, og vegen skal vere rydda.

Også på riksveg 15 i Skredestranda langs Hornindalsvatnet køyrde ein bil utfor vegen i ettermiddag, men ingen kom til skade i utforkøyringa.