Austevoll er som einaste kommune i Hordaland i år med ei prøveordning med stemmerett for 16-åringar.
17 år gamle Marius Mikkelsen trur det politiske engasjementet blant unge vil auka etter terrorangrepa mot Oslo og Utøya.
– Eg trur at demokratiet no berre vil bli sterkare. Me har reagert sånn på den tragedien at me står meir i lag, sterkare saman, og demokratiet blir sterkare no, seier Mikkelsen.
Les også:
Nokon er redde for å stemma feil
Emil Økland på 16 år får også høve til å stemma, og han har bestemt seg for å bruka stemmeretten sin. Han trur også mange av venene vil stemma.
– Me har diskutert den forferdelege hendinga mykje. Det mange som seier at dei ikkje veit om dei vil stemma, for dei kan stemma feil, men dei fleste eg kjenner vil bruka stemmeretten sin i haust, seier Økland.
Marius Mikkelsen trur også det politiske engasjementet blant ungdom vil bli styrka av dei tragiske hendingane i Oslo og på Utøya.
– Det er klart at alle er blitt berørt av dette, og eg trur alle no vil engasjera seg meir. Du ser jo det på alle partia, det er veldig stor pågang av folk som vil melda seg inn, også veldig mange unge, seir Mikkelsen.
Trur unge er ekstra motiverte
Ordføraren i Austevoll kommune, Helge Andre Njåstad, trur også at mange unge på Austevoll vil bruka den spesielle moglegheita dei får til å påverka lokalpolitikken.
– Eg trur ungdommane våre hadde stemt uansett, men no trur eg dei vil bli ekstra motiverte til å visa at demokratiet er viktig, seier Njåstad.
– Eg ser at ungdom i heile landet no er veldig opptatt av å visa at demokratiet skal styrkast, og ungdommane skal visa det med å bruka stemmerette sin, legg ordføraren til.
– Må avlegga stemmen dei meiner er rett
16 år gamle Emil Økland har ei klar oppfordring til andre unge.
– Dei må gå og avlegga den stemmen dei meiner er rett for demokratiet. Eg oppmodar alle om å hugsa det som har skjedd, men å gå vidare, og bruka stemmeretten vår for å påverka demokratiet.