Hopp til innhold

– Talet på smitta i Bergen sprenger alle rekordar

Det siste døgeret har 89 nye blitt smitta av covid-19 i Bergen. For tredje dag på har byrådet hatt pressekonferanse om smittesituasjonen i byen.

Roger Valhammer, Beate Husa og Trond Egil Hansen har pressekonferanse om koronasituasjonen i Bergen.

BYRÅDET: Byrådsleiar Roger Valhammer, helsebyråd Beate Husa og medisinsk fagsjef i Bergen, Trond Egil Hansen, heldt pressekonferanse laurdag ettermiddag.

Under laurdagens pressekonferanse hadde ikkje byrådsleiar Roger Valhammer gode nyheiter å koma med.

– Talet smitta i Bergen dei siste 14 dagane sprenger alle rekordar, seier han.

Sidan fredag har 89 personar fått påvist covid-19 i Bergen. Dette er det høgaste nokosinne, utanom gårsdagens rekord på 103.

Det glidande snittet i Bergen den siste veka er 74 smitta pr. døgn. Det er rekordhøgt.

– Bergen har no 290 smitta pr. 100.000 innbyggjarar, som og er rekordhøgt, seier Valhammer.

Talet for registrerte smitte dei siste to vekene er fire gongar så høgt som i mars, og dobbelt så høgt som i september.

– Me har hatt like mange oppdaga smittetilfelle som me hadde frå februar til august, dei siste 14 dagane, seier Valhammer.

Byrådsleiaren vil likevel ikkje innføra portforbod.

– Der er me ikkje i Bergen no, men viss me ikkje trekk kraftig i handbrekket, er me på veg mot full nedstenging, seier Valhammer.

Det er færre smitta i dag enn i går. Har de vore litt tidleg ute med desse inngripande tiltaka?

– Nei. Om noko, burde dei vore innført før. Dei som no er smitta, blei smitta for ganske lang tid sidan, så korleis situasjonen faktisk er i dag, det veit me ikkje, seier byrådsleiaren.

REKORD: Aldri før har flere blitt testet for koronavirus ved Bergen Legevakt.

TESTING: Den siste veka har 10434, altså 3,7 prosent av innbyggjarane i Bergen, blitt testa for korona.

Foto: Even Norheim Johansen

Skapar debatt

Byrådsleiaren seier han forstår at det blir debatt om tiltaka dei har sett i verk, og særleg grensa på fem personar i private heimar.

– Men det er og viktig at desse er nøye vurdert, og mange omsyn er vurdert nøye oppimot kvarandre. Når me no har valt å setja avgrensinga på fem, er det fordi dei smittevernfaglege anbefalingane, både lokalt og nasjonalt, er så sterke, seier Valhammer.

Han håpar tiltaka kjem til å ha effektiv og rask effekt, slik at ein ikkje treng inngripande tiltak over lang tid.

– Det er ikkje ei enkel avgjerd for meg og byrådet å setja i verk strenge tiltak for ei heile befolkning, men alternativet er verre, seier Valhammer.

Han åtvarar at det ikkje er nokon grunn til å tru at ein kan sjå ein liknande situasjon i Bergen som i Europa, der helsevesenet knekk saman og mange døyr.

– Kan samanliknast med ein cellegiftkur

Helsebyråd Beate Husa samanlikna tiltaka mot korona med ein cellegiftkur.

– Dei gjer mykje skade, men om me ikkje får kreften vekk, blir skadeverknadane større. Det er likevel ingen tvil om at skaden av det me gjer, vil ramma mange, seier Husa.

– Me har ikkje noko val, me må ta denne kuren saman, sa ho.

Kommunen får mange spørsmål om kva som er lov og ikkje, opplyser Husa. Mange er opptekne om dei kan bli bøtelagde eller ikkje.

– Men då glepper me på hovudpoenget. Me skal stoppa smitten saman. No er ikkje tida for å vera kreativ og leita etter smotthol. No er tida inne for å gjera det me kan for å avgrensa smitten, seier Husa.

Testtelt på Spelhaugen teststasjon i Fyllingsdalen i Bergen

UTVIDAR: Spelhaugen teststasjon får lengre opningstid. Frå måndag av blir den open frå 09.00-21.00.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Forsvarar stenging av treningssenter

Fleire har stilt spørsmål ved om det er nødvendig å stenga treningssentera i Bergen.

– Me har opplevd at korona har spreidd seg på treningssenter, også i Bergen. Me veit at med auka smittetrykk, aukar sannsynet for at nokon rundt oss eller me sjølve har korona utan å vita det, seier Husa.

Husa meiner dei må kunna stenga stadar der også smitte enno ikkje har spreidd seg.

– Sånn er det når smitten er på eit så høgt nivå i byen vår.

Vegard Olstø nytta høvet og trente rett før treningssentera stengte.

STENGT: Vegard Olstø var mellom dei som nytta høvet og trente like før treningssentera stengte fredag kveld.

Foto: Tony Ågotnes / NRK

– Avgjerande fase

Medisinsk fagsjef Trond Egil Hansen ville dei private samankomstane til livs.

Ifylgje Hansen er risikoen for å bli smitta når det er ti til stades mykje høgare enn når det er fem samla i ein privat samkome.

– Og viss det er ein smitteførande til stades, er det mange fleire som blir utsett for smitte, seier Hansen.

– Me er i ein heilt avgjerande fase for å snu utviklinga no. Då er det viktig at avgrensingane ikkje fører til at smittespreiinga i private samkomer aukar ytterlegare, seier Hansen.

Ser auke i alvorleg sjukdom

– Det er framleis slik at dei fleste får moderate eller ingen symptom, men me ser også no ein begynnande auke i alvorleg sjuke, seier Hansen.

Smitten har også byrja å nå sjukeheimar. Mellom anna på Løvåsen sykehjem er det no åtte smitta bebuarar. Onsdag kveld var talet fire. Ein av bebuarane er flytta til korona-avdelinga på Fyllingsdalen sykehjem.

– Talet innleggelsar på sjukehus har også byrja å auka, seier Hansen.

Laurdag var det tre pasientar som var innlagd med covid-19 i Helse Bergen. Det er ein nedgang på to frå fredag. To av dei tre som ligg på sjukehus får intensivbehandling.

Hansen seier dette har samanheng med at dei påvist smitta er meir spreidd i alder enn det var tidlegare. Lenge har det vore i aldersgruppa 20-29 at flest har testa positivt.

Tiltaka kan vera helseskadelege

Hansen seier også at tiltaka i seg sjølv kan ha helseskadelege effektar.

– Einsemd og psykiske belastningar, som følgje av det. Men også at dei som føretrekker å trena på treningssenter, ikkje kan gjera det, seier Hansen.

Han ville også oppklara kvifor ikkje alle serveringsstadar er stengt.

– Det kan vera hensiktsmessig å halda oppe nokon trygge arenaar for åleinebuande å møtast på. Me har sett at mange serveringsstadar er trygge arenaar så lenge gjestane ikkje blir for rusa. Det er betre at dette tilbodet blir haldt oppe, enn at det blir erstatta av private samkomer, seier Hansen.