– Her har me bygd eit hus i tråd med gjeldande reglar, og det me må vurdere framover både nasjonalt og lokalt, er kva grenser ein skal setje for bygg i framtida med tanke på om det er fare for flaum, seier ordførar på Voss, Hans-Erik Ringkjøb.
– Det er ein viktig og vanskeleg diskusjon som me må ta tak, seier han.
Etter at Vestlandet vart ramma av flaum sist veke vart det enorme øydeleggingar mellom anna på Voss. Flaumen har truleg gjort skadar for meir enn 150 millionar kroner. På Voss vart fleire bygg, vegar, og bruer ramma av vasskadar.
- LES OGSÅ:
Bygd for flaum
Slagordet til Voss kulturhus er «Bygd for sterke opplevingar», og på papiret er dei òg bygd for å stå imot ein 200-årsflaum.
Då første etasje i kulturhuset og fleire andre bygg på Voss førre veke vart fylt med vatn, var ingen på nokon måte budd på det som kom ovanfrå.
– Det er ikkje noko hyggjeleg syn, seier ordførar Hans Erik Ringkjøb etter å ha sett øydeleggingane i det berre fire år gamle bygget, ei veke etter flaumen.
Reglane som gjaldt for å sikre kulturhuset mot til dømes flaum gjeld også i dag.
– Ei utfordring
Statsminister Erna Solberg ser også med uro på framtida for Vestlandet med meir ekstremvær, og ho ynskjer debatten kva reglar for kvar ein skal kunne byggje velkomen.
– Me nøydd til å sjå på korleis me eventuelt i planen og reguleringsretningslinjer sørgjer for at ein ikkje tillèt bygging på område som om 20 eller 50 år vil vera utsett, seier ho.
Medan dei same byggjereglane framleis gjeld, ser no ordføraren på Voss fram til ein eventuell debatt.
– Det er kanskje slik no at det som før var 200-årsflaum kanskje er 50-årsflaum, og då har me ei utfordring, seier Ringkjøb.
– Når ein skal reise ein slik debatt om kvar ein kan byggje og bu, kan det ikkje verte vanskeleg å vera Vestlending då?
– Jo, for på den eine sida har me dette me opplevde no med flaum, og så bur me i landskap med bratte lier og rasfare. Då er spørsmålet kvar me skal bu, for det er farleg alle plassar, seier Hans-Erik Ringkjøb.
SJÅ VIDEO FRÅ KULTURHUSET UNDER FLAUMEN:
SJÅ VIDEO FRÅ LUFTA UNDER FLAUMEN PÅ VOSS: