Hopp til innhold

Flaumen har gjort skadar for 150 millionar kroner

Flaumen sine herjingar på Vestlandet har til no gjort skadar for mellom 100 og 150 millionar kroner, syner prognosar frå Finans Norge. Tala kan bli høgare.

Slått til pinneved under flaumen

SKADE: Flaumen sine herjingar på Vestlandet har truleg gjort skade for minst 100 til 150 millionar kroner. Mange skadar er framleis ikkje rapportert inn.

Foto: Arne Veum / NRK

– I dag tidleg hadde forsikringsselskapa fått inn 250 skademeldingar, men vi reknar med det kan tredoble seg. Basert på dette vil erstatningane kome opp i 100 til 150 millionar kroner etter flaumane, fortel Tonje Westby, kommunikasjonssjef i organisasjonen.

På sin veg nedover dalar og elvestrøk tok vatnet med seg det som måtte stå i vegen. Hus, bygningar, tre og hagar vart heilt eller delvis smadra og kom seglande nedover elver mellom anna Flåm og Aurland. I Lærdal gjorde flaumen store skadar og familiar har framleis ikkje fått flytte heim. Også fleire andre stader på Vestlandet er det gjort store skadar.

Uvanleg hending på Vestlandet

Tonje Westby

PROGNOSAR: Til no har det kome inn 250 skademeldingar etter flaumen, talet vil truleg tredoble seg, trur Tonje Westby i Finans Norge.

Foto: cf-wesenberg@kolonihaven.no / Finans Norge

Alle bygningar og lausøyre som er forsikra mot brann, er også automatisk forsikra mot naturskade. Forsikringsselskapa ventar at meldingane kjem til å renne inn den næraste tida.

– Det er mange som ikkje har fått meldt inn skadar, fordi det ikkje er framkommeleg. Truleg vil det kome mellom 750 og 1000 skademeldingar. Mesteparten av skadane til no er småskadar heldigvis, det er færre av dei store, fortel Westby.

Naturskadar på Vestlandet har vanlegvis handla om skadar etter storm, flaumskadar har det normalt vore mindre andre.

– Ser vi tilbake til 1980, så kan ein seie at flaum er uvanleg, men det har vore flaumar på Vestlandet også. Flaum råkar vanlegvis innlandsfylka, seier ho.

I perioden 1980 til 2013 var det meldt inn 1269 flaumskadar i Sogn og Fjordane, og i Hordaland var tal for tilsvarande periode 2322.