– Skremmande enkelt å svindle under falsk ID

Bilseljar Endre Johnsen reagerte med vantru då han oppdaga at bilen var kjøpt under falskt namn. – Dei hadde sett seg ut bilen dei ville ha på førehand, og kom som heilt vanlege kundar.

Ble lurt av svindlerne

– SKREMMANDE LETT: Endre Johnsen er bilseljar, og synest det er skremmande å tenkje på at dei to svindlarane som kom kjøpte ein Mercedes under falskt namn i hans butikk, så lett kunne gjennomføre svindelen.

Det var i romjula 2012 at to menn kom inn i butikken til Endre Johnsen, dagleg leiar og eigar av Bergen Bilcenter.

– Det var ingenting ved dei som tilsa at dette var kjeltringar. Tvert i mot, dei verka å vera heilt vanlege kundar, som hadde sett seg ut ein bil på førehand som dei gjerne ville prøvekøyre.

Onsdag står dei to mennene, saman med ei kvinne og tre andre menn, tiltalt for grovt bedrageri og svindel i Bergen tingrett.

Hadde godkjenning frå banken

Apple-produkt for fleire titals tusen

UTSTYRET SOM BLEI BRUKT: Dette biletet blei tatt av politiet då dei ransaka eit hotell i Bergen. Svindlarane hadde ei rekkje falske betalingskort, og politiet trur det er opp mot 100 offer i saka.

Foto: Politiet

Mennene likte bilen, som på tidspunktet var den rimelegaste Johnsen hadde for sal. Dei kjøpte den og fylte ut alle naudsynte papir, trass i at dei hadde dei godkjenning frå banken for eit dyrare bilkjøp.

– Kvifor dei kjøpte denne når dei kunne kjøpt ein langt dyrare, anar eg i grunnen ikkje. Han eine karen sa så kjekt at han hadde hatt ein slik bil tidlegare, og gjerne ville ha den igjen.

Svært omfattande svindelsak

Først over nyttår forstod Johnsen at noko ikkje var som det skulle med bilkjøpet. For då banken til mannen dei to svindlarane hadde tatt identiteten til, tok kontakt, blei det raskt klart kva som hadde skjedd.

–Alarmen hadde gått hos banken, då den eigentlege innehavarane av identiteten oppdaga hendinga. Då vi forstod at ting var heilt gale, var lånepapira signert og bilen levert ut.

Det er ikkje den einaste bilen svindelbanden har lurt til seg. I tillegg har dei kjøpt kostbare klokker, datautstyr og tatt ut tusenvis av kroner i kontantar under falskt namn.

– Skremmande enkelt

I ettertid har Johnsen tenkt mykje på saka.

Hvit Mercedes Benz kjøpt med stjålet ID

OGSÅ SVINDLA: Denne kvite Mercedes-Benzen klarte svindlarane å lure ut frå ein bilforhandlar i Son i Akershus. Den er del av den same svindelsaka.

Foto: Politiet

Ikkje minst på korleis det må opplevast for dei som får identiteten sin misbrukt.

– Det er skremmande, og må vera utruleg ekkelt. Det var det for oss som forretning òg då vi forstod at vi hadde blitt lurt, men som privatperson må det vera heilt forferdeleg.

Saka har ifølgje politiet kanskje så mange som 100 offer. Johnsen, som sjølve skal møte som vitne i retten, er kritisk til at det er så enkelt å svindle til seg store verdiar.

– Har ein først fått tak i bankkort eller liknande, så er dette veldig lett å gjennomføre.

Det er sett av 16 dagar i retten til saka, som har ei strafferamme på seks år for grovt bedrageri.