Hopp til innhold

Henta ut luksusbilar i falskt namn

Banden skal ha skaffa seg fleire luksusbilar som ein del av storsvindelen dei er tiltalt for. I dag erkjente hovdumannen straffskuld på alle punkt.

Hvit Mercedes Benz kjøpt med stjålet ID

LUKSUSFELLE: I romjula i fjor troppa ein person på Soon Bil & Båt i Son og henta ut denne kvite Mercedes-Benz-bilen. Men personen som henta bilen var slett ikkje den som bilseljaren trudde det var.

Foto: Politiet

Til saman er fem menn og ei kvinne, fem av dei busett på Austlandet og ein frå Sunnhordland, er tiltalt for grovt bedrageri og identitetstjuveri.

Då saka starta i dag, tok den ei ny vending.

Ein av dei fem, ein mann som politiet trur er hovudmannen i svindelbanden, erkjenner full straffskuld på alle punkt.

Tidlegare har fleire av dei tiltale nekta for skuld på dei fleste punkta av tiltalen.

Kjøpte bil i ein annan sitt namn

Bertil Rønnestad

SVÆRT UVANLEG SAK: Svindlarane skal blant anna ha skaffa billån og kjøpt ein Mercedes under falskt namn. Aktor Bertil Rønnestad seier saka er alvorleg, blant anna fordi svært mange personar truleg har blitt utsett for ID-tjuveri.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ein kostbar luksusbil, dyr elektronikk og tusenvis av kroner tatt ut i kontantar i butikk er nokre av skuldingane. Lista mot dei seks tiltalte, som onsdag føremiddag møter i rettssalen i Bergen tingrett, er lang.

Mellom anna ble ein kvit Mercedes-Benz henta ut frå Soon Bil & Båt i Son den 27. desember i fjor. Personen som troppa opp henta ut bilen i falsk namn, og lurte bilseljaren.

Politiadvokat Bertil Rønnestad seier tiltalen er svært alvorleg.

– Både fordi det dreier seg om store verdiar, men ikkje minst fordi det er snakk om ID-tjuveri frå fleire personar. Til saman er det verdiar for fleire millionar.

Lang liste vitne

Det er venta at påtalemakta vil henta inn ei rekkje vitne i saka. Til saman trur politiet

Blant anna meiner politiet å kunne bevise at fem personar har blitt offer for bedrageri. Fleire andre skal vera utsett for identitetstjuveri.

– Ein betydeleg del av bevisførselen vil vera beslag som er gjort i saka, i tillegg til vitneforklaringane.

Nektar straffskuld

Minst ein av dei tiltalte kjem i retten onsdag til å nekta straffskuld i saka.

Det seier advokat Erik Mjell, som forsvarar ein 39 år gamal mann frå Sunnhordland.

– Min klient meiner han ikkje har gjort noko straffbart, og det er det eg kjem til å arbeide for.

Det er så langt berre den tiltalte som politiet trur er hovudmannen i saka som så langt erkjenner full straffskuld i saka.

Ein av dei andre vedgår skuld for dei minst alvorlege punkta, mens fleire nektar straffskuld for alt.

Åtvarar mot post og bankkort på avvegar

Politiadvokat Bertil Rønnestad seier saka viser kor alvorleg det kan vere om post, bankkort eller andre personopplysingar kjem bort.

– Tap av personleg informasjon, som for eksempel post eller bankkort, kan ha store konsekvensar. Det kan vera alvorleg for dei som blir råka i svært lang tid.

Strafferamma for grovt bedrageri er på seks år. Til saman er 16 rettsdagar sett av til saka.