Hopp til innhold

– Prøvde å klatre ned til kvinna

Ole Selvåg varsla om ulukka då ei kvinne i 20-åra fall frå Trolltunga og omkom.

Trolltuna og Ole Selvåg

VARSLA POLITIET: Ole Selvåg var den som varsla om fallet frå Trolltunga.

Foto: Wikimedia Commons / NRK

Laurdag kveld omkom ei kvinne i 20-åra etter at ho fall ned frå Trolltunga i Odda.

Kvinna var utvekslingsstudent ved Universitetet i Bergen, og det skal ha vore ei gruppe med utvekslingsstudentar frå universitetet som var på turen.

Ole Selvåg, som var på toppen saman med to kameratar, varsla politiet om ulukka med ein nødpeilesendar dei hadde med seg, sidan det ikkje er mobildekning på toppen.

Han seier folk prøvde å leita etter kvinna, men forstod raskt at det var vanskeleg.

– Det vart litt klatring rundt om kring for å prøve å sjå om me kunne finne ho. Men me innsåg at det var umogleg å ta seg ned dit.

Ulukka skal ha skjedd mellom klokka 18 og 19. Redningsmannskap var ikkje på staden før ved midnatt.

John Opdal

PREGA: Ordførar i Odda, John Opdal. Foto: Tale Hauso / Redigering: Espen Hobbesland

Mykje å gjera for Røde Kors

Bjørn Arild Fjeldsbø var ein av åtte hjelpemannskap frå Odda og Tyssedal Røde Kors som var med på oppdraget.

– Det er eit tøft terreng å gå i, og store avstandar. Me gjekk klokka 21, og var nede att klokka 04 i natt, seier han.

Røde Kors har hatt eit travelt år i området. Gårsdagens oppdrag var nummer 15 så langt i 2015.

– Det er enorm trafikk opp på Trolltunga, og det er klart det aukar risikoen for at noko alvorleg kan skje, seier Fjeldsbø.

– Utruleg tragisk

Ordførar i Odda, John Opdal, synest hendinga er svært tragisk.

– Dette er utruleg tragisk og trist for dei involverte. Me har etablert eit kriseteam i Odda, det kom allereie nokon i turfølget ned frå fjellet i går – og dei vart innlosjerte på hotell og følgde opp av oss, seier han.

Tidlegare opplysningar om kva som hende då kvinna fall, blir søndag kveld tilbakevist av politiet.

– Vi har vore i kontakt med fleire vitne, og har danna oss eit bilete av kva som skjedde, men vil ikkje gå i detaljar om det før vi har fått varsla alle pårørande, seier lensmann i Hardanger, Terje Kvalvik.

BAKGRUNN: Kvinnelig student falt i døden fra Trolltunga