Hopp til innhold

– Politikarar i Solund er inhabile

Politikarane i Solund gav grønt lys for vindkraft. Men fleire vert skulda for å vere inhabile av jusprofessor Jan Fridthjof Bernt.

Vindmøller

Solund kan få mellom 80 og 100 vindmøller dei næraste åra. Planane er svært omstridde.

Foto: ScanstockFoto

Statkraft Agder Energi og Sulakraft ønskjer å byggje 80 vindmøller i Solund. I vår vedtok politikarane ein kommuneplan som er positive til slik kraftutbygging.

– Planen er ugyldig

Men fem av politikarane har anten sjølv eigedomar eller er i nær slekt med personar som vil verte grunneigarar dersom det kjem vindmølleparkar i kystkommunen. Desse politikarane kan såleis vente seg inntekter frå møllene dei sjølv har gitt grønt lys til.

Jan Fridthjof Bernt

Jusprofessor Jan Fridthjof Bernt meiner fleire politikarar i Solund er inhabile i handsaminga av kommuneplanen som er positiv til vindmølleutbygging.

Foto: Universitetet i Bergen

Bernt, som er ein av av landets fremste ekspertar på habilitet, meiner planen difor er ugyldig og at den bør handsamast på nytt.

– Som regel vert ein rekna som inhabil viss det føreligg særeigne forhold som er eigna til å svekke tilliten. Det same vil også gjelde heilt nære slektningar, seier Bernt.

Kommunen avviser inhabile politikarar

Kommunen meiner på si side at politikarane ikkje er inhabile. Dette fordi ein kommuneplan er ein overordna plan som ikkje er juridisk bindande.

Det argumentet avviser jusprofessoren.

- Ein kommuneplan er ei avgjerd og skal då følgje reglane i forvaltingslova. Det spelar ingen rolle om dette er eit endeleg vedtak, eller berre ei førebuande sakshandsaming. Forvaltingslova sine habilitetsreglar gjeld uansett, seier Bernt.

Også fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane har fått kritikk for å ha opna opp for storstila utbygging av vindmøller.

Overraska over mogleg ny handsaming

Solund kan få mellom 80 og 100 vindmøller dei næraste åra og planane er svært omstridde.

Gunn Åmdal Mongstad

Ordførar i Solund, Gunn Åmdal Mongstad er overraska over at planen kan måtte handsamast på nytt.

Foto: Solund Kommune

350 underskrifter er allereie samla inn i den vesle kommunen mot utbyggingane. Tilhengarar håpar på si side å få inn 20 millionar kroner i kommunekassa kvart år om møllene vert ein realitet.

Ordførar Gunn Åmdal Mongstad er overraska over at planen no kan måtte handsamast på nytt.

- Umiddelbart tenkjer eg at det er mange som vil vere ugilde i handsaminga av kommuneplanen. Men det er klart at dette må ein sjå på ein gang til, seier Åmdal Mongstad.

SV-representant i Solund kommunestyre, Anne Grethe Furrevik meiner lokalpolitikarane har gjort det dei kunne.

– Kommunepolitikararne i Solund har gjort det dei kan for å få prosessen kring vindmølleplanane så demokratisk som mogleg, seier Furrevik.

Ho meiner dei har løyst dette då dei vedtok at kommunen skal ha folkerøysting om saka.