Hopp til innhold

Vil ha storutbygging av vindmøller

Fylkespolitikarane har sett fagleg råd til sides og vil ha storstila utbygging av vindmøller.

Vindmøllepark

Det kan bli eit stor utbygging av vindkraft langs kysten av Sogn og Fjordane.

Foto: Per Kristian Johansen / NRK

Seks av ni i Fylkesutvalet har verv i kraftselskap eller i interessestyrer for vindkraft. No har dei utforma eit planutkast der størstedelen av kysten vert opna opp for vindmøller.

Meiner det er tvilsamt

Leiar i naturvernutvalet i Sogn og Fjordane turlag, Alvar Melvær, meiner det heile vert tvilsamt.

– Vi kan spørje kva slags rolle fylkespolitikarane har, om dei ivartek interessen til folk i fylket eller om ei opptrer som vindkraftbransjens forlenga av.

Fekk hakeslepp

Naturvernarane har fått hakeslepp etter å ha sett planutkastet for vindkraft her i fylket som no ligg ute på høyring.

Ei prosjektgruppe nedsett av fylket har i lengre tid jobba med planen, i fyrste utkast som vart lagt fram for Fylkesutvalet 9. mars var store delar av kysten avmerka på kartet som områder med stort konfliktpotensiale til vindmøller.

Endra fargar på kartet

Men etter at fylkespolitikarane hadde handsama saka i juni vart store delar av dei raude felta fjerna og erstatte med gule og grøne fargar som betyr middels eller lite konfliktpotensiale.

– Eg er veldig kritisk til det. Dei endringane dei har gjort går altfor langt i å opne opp for veldig omfattande vindkraftutbygging på kysten av Sogn og Fjordane.

Fylkesdelplanen for vindkraft vil verte den viktigaste saka når det gjeld vindkraftutbygging i Sogn og Fjordane. Tidlegare har utbyggarar fått motsegn frå Fylkesmannen nettopp på grunn av mangelen på ein slik plan. Vert planen godkjent vert store områder i fylket opna for vindkraftutbygging.

Områder som brått vart nedgraderte er mellom anna i Selje, Bremanger, Vågsøy, Flora, Gulen og Solund.

Styreverv knytt til vindkraft

Melvær meiner det er eit samrøre mellom politikarane sine roller i næringslivet og verva i Fylkesutvalet. 6 av ni representantar har styreverv knytta til vindkraft.

Tre sit i styret i Sunnfjord Energi, to er i Sogn og Fjordane Energi og fylkesordførar Nils R. Sandal er med i styret i Vindkraftforum som lobbyerer for å få til vindkraft her i fylket.

Og nettopp Vindkraftforum er svært aktive i planprosessen. NRK har fått tilgang til innspela der dei ber Fylkesutvalet om store endringar i måten fylkeskartet vart fargelagt

Utvida fargeskalaen

I staden for ein skala på tre forskjellige fargar ba dei om ein skala på 10 fargar. Det ville medføre at store delar av fylket hamna i kategorien lite eller middels konfliktfylt. Og Vindkraftforum fekk viljen sin.

Det fins også andre døme i planutkastet på at Vindkraftforum har fått med nærmast direkte sitat frå sine brev til Fylkesutvalet. Fylkesordføraren sender altså på ein måte innspel til seg sjølv. Det gjer Melvær lite nøgd.

– Det virkar nokså tvilsamt etter mi meining.

Tek ikkje sjølvkritikk

Men fylkesordførar Nils R. Sandal vil ikkje ta sjølvkritikk, han vedgår at han visste om brevet som styreleiar Alfred Bjørlo i Vindkraftforum sendte til Fylkesutvalet, men meiner han og dei åtte andre i utvalet greier å halde tunga beint i munnen.

– Eg forstår at det kan stillast spørsmål frå kritikarar frå dette. Men så godt eg kjenner det politiske miljøet, så er det ikkje det som ligg til grunn for haldningar hos politikarar. Eg trur dei er opptekne av det skal gjerast på ein bærekraftig måte. Det er ein balanse mellom å utnytte naturressursane og likevel ta vare på verdiane.

Fryktar for naturen

Vert det opp til fylkespolitikarane blir det ei svært omfattande bygging av vindmøller her i fylket. Politikarane har sett seg ei målsetjing åleine for Sogn og Fjordane som er like stor som den regjeringa hadde for heile Norge i 2010.

Men Sogn og Fjordane Turlag fryktar for naturen langs kysten og er redd at små interessegrupper får lite dei skulle sagt.

– Det blir veldig synleg og beslaglegg store område og vil prege kysten av Sogn og Fjordane.