Difor vil ho ikkje kommentere saka som har herja norske medier i dag. I alle fall ikkje før måndag, når ho og Borch har hatt sitt oppklaringsmøte.
Bakgrunnen for konfrontasjonen mellom Navarsete og Borch var at Borch i ein artikkel i Aftenposten sa at nestleiar Ola Borten Moe ville vere ein sterk kandidat til å overta når Liv Signe Navarsete ein dag gir seg som leiar.
VAR SINT: Liv Signe Navarsete.
Foto: Trond Vestre / NRKSame dagen som artikkelen stod på trykk, var både Navarsete og Borch tilstades på «Nasjonalt seminar om ungdomsdemokrati» på Dyrøy.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
VG har snakka med fleire som var vitne til det som skjedde under møtet, og dei karakteriserer Navarsete som «tydeleg forbanna». Det var mange unge partimedlemmer som stod rundt dei to og fekk med seg situasjonen.
VART UTSKJELT: Sandra Borch.
Foto: Sørbø, Krister / NTB scanpixLeiar for Senterungdommen i Sogn og Fjordane, Erlend Herstad, meiner at situasjonen som oppstod mellom Navarsete og Borch er uheldig for Senterpartiet.
– Ho burde ikkje teke dette i eit ope fora. Heller då i eit sentralstyremøte eller liknande. Slik eg forstod det så var det jo ein del andre politiske parti og andre til stades på dette møtet, seier Herstad til NRK.
– Det er ikkje første gong Navarsete vert skulda for raseriutbrot. Kor uheldig er dette?
– For min del så har eg full tillit til Liv Signe Navarsete. Ho er ein utruleg dyktig politikar. Men så er det jo sli med alle personar, at vi kanskje har sider som ikkje er like gode. Det er ein del av det å vere eit menneske, meiner Herstad.