Hopp til innhold

– Minner mange om 90-talet

Skyteepisodane i Malmö har fått svenskar til å tenka på lasermannen på byrjinga av 1990-talet.

Gellert Tamas

Gellert Tamas har skrive boka 'Lasermannen'.

Foto: Ingrid Hognaland

– Veldig mange i Sverige har tenkt på den såkalla lasermannen som me hadde i Sverige på byrjinga av 90-talet, seier journalist og forfattar Gellert Tamas.

Tamas har skrive boka ”Lasermannen”, som handlar om John Ausonius. Ausonius blei i 1994 dømd for eitt mord og ni mordfosøk. Dette er ei kriminalsak det har vore stor merksemd rundt i Sverige både då den pågjekk og seinare.

– På denne tida hadde det nettopp kome eit framandfiendtleg parti inn i Riksdagen. Då eg intervjua Ausonius sa han at han blei veldig inspirert av dette partiet. Politikarane prata om å kasta ut innvandrar, men nokon måtte gjera det, seier Tamas.

Inspirert av intens stemning

Han forklarer at byrjinga av 90-talet var ei spesiell tid i Sverige, med grupper som Vitt Arisk Mostånd, og Sverigedemokraterna hadde på denne tida demonstrasjonar og nazist-flagg.

– Heile denne intense stemninga blei lasermannen inspirert av, men han var ikkje sjølv politisk aktiv, seier Tamas.

– Dagens situasjon liknar på 90-talet

Tamas understrekar at politiet førebels ikkje veit kven som står bak skyteepisodane i Malmö, men meiner at det finst likskapar mellom dagens situasjon i Sverige, og slik det var på byrjinga av 1990-talet.

– Me har fått eit framandfiendtleg parti inn i Riksdagen, Sverigedemokraterna som går ut med bodskapen om at muslimane er den største faren i Sverige sidan andre verdskrig. Dei diskuterer innvandring mykje, og delvis i oppheita ordlag. Me veit ikkje, men det kan ha bidrege til skytinga me ser no. Det er i alle fall ein av teorien eg veit det blir arbeida ut i frå, seier Tamas.

LES OGSÅ: Jakter ukjent gjerningsmann i Malmø

Sett på som einsam galning

Dei fleste i Sverige såg på lasermannen på 90-talet som ein einsam galning.

– Det var ikkje alle som tenkte over tidsalderen og kor mykje han blei inspirert av det. Det er vanskeleg å dra slutning om årsak, men det verkar som om at det finst støtte i forsking om at eit oppheita klima påverkar talet på rasistiske valdshandlingar, seier Tamas.