– Mest alvorlege situasjonen til no

– Dette er den mest alvorlege situasjonen vi har vore i lokalt under koronakrisa, seier Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V) etter at i alt 13 personar no har fått påvist covid-19 i eit utbrot i kommunen. 200 er i karantene, i tillegg er 65 personar i såkalla ventekarantene. Det er framleis ikkje klart om det dreier seg om eit mutert virus, Bjørlo håpar på svar på dette denne veka.

Alfred Bjørlo
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK