Hopp til innhold

Lukka oppdrettsanlegg under bygging i Måløy kan løyse miljøproblema i næringa

Oppdrettsnæringa gjer no nye forsøk på å få bukt med miljøproblem som rømming, avfall og lakselus. I Måløy blir det no bygt eit lukka anlegg som kan vere framtida i bransjen.

Nytt lukka oppdrettsanlegg
Foto: MSC Aqua AS

Til sommaren skal anlegget testast ut utanfor norskekysten. Slike anlegg kan vere avgjerande for om næringa kan vekse.

Avanserte robotar hjå Easy Form i Måløy lagar modulane til den framtidige heimen til oppdrettslaksen. Gründer Gunnar Carlson er medeigar i Måløyfirmaet MSC Aqua AS og gler seg over framgangen.

Gunnar Carlson (t.v.) og Morten Hagen (t.h.) følgjer pressekonferansen.

- SUPERT ANLEGG: Medeigar i MSC Aqua AS, Gunnar Carlson.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det skal bli eit supert oppdrettsanlegg med mykje ny teknologi.

Fullskalatesting i august

I august skal eitt av dei første fullskala lukka oppdrettsanlegga i verda testast ut av Cermaq utanfor kysten av Nordland. Det nye lukka anlegget er forma som ein bolle og skal vere lusefritt, rømmingsikkert og ikkje sleppe avfall ut i fjordane.

Ein av fordelane er at anlegget kan sirkulere vatn frå djupare delar av sjøen. Det vil gi meir stabile veksttilhøve for laksen på grunn av høgare temperatur vinterstid nordpå.

I fyrste omgang kan laken forast opp i slike anlegg frå ca 150 gram til 1,5 kilo. Men på sikt meiner selskapet at laksen skal kunne stå i lukka merder til den er slakteklar.

Utviklingskostnaden til gründerane er 26 millionar kroner. Det har vore jobba med planane i årevis, før ein no går inn i ein fullskala testfase. Innovasjon Norge og SkatteFUNN-ordninga finansierer halvparten. Teknisk leiar Ivar Gaustad i MSC Aqua trur næringa no må bli meir miljøvenleg.

– Dei siste åra har næringa snudd. Dei ser at det må kome ny teknologi for særleg å kunne handtere luseproblemet.

Det står om enorme verdiar, i fjor eksporterte Norge laks for nesten 40 milliardar kroner.

– Har stor tru på dette

Men miljøproblema gjer at mange meiner næringa ikkje kan vekse vidare. Det seier også kommunikasjonsjef Lise Bergan i oppdrettsgiganten Cermaq.

– Skal næringa vekse må vi vise at vi kan handtere miljøutfordringane på ein god måte. Dei to store miljøutfordringane i dag er lakselus og rømming. Vi har stor tru på at dette er ei god løysing, og difor har vi valt å gå vidare med det og legge det inn i våre søknader om grøne konsesjonar.

I testanlegget i Måløy blir oppdrettsmerda si motstandsevne mot dårleg ver utforska ved Stadt Towing Tank.

Dagleg leiar Øystein Olav Grønolen i MSC Aqua AS meiner at sjølv om anlegget er dyrare, vil oppdrettarane til slutt spare pengar.

– Når vi kan hindre sjukdom, lakselus og rømming så meiner vi at vi har ein god økonomi i ei slik investering.