Rognkjeksen skal no sendast ned i merdane for å ta lakselusa.
– Det er ein triveleg fisk å jobbe med. Den er ikkje nervøs og redd, og hoppar og sprett slik som til dømes laksen gjer. Den er ein koseleg fisk, fortel Peter Hovgård ved Fjordforsk Sogn entusiastisk.
Taper kring 500 millionar i året
Tal frå Havforskingsinstituttet viser at lakselusa påfører ei stadig veksande oppdrettsnæring tap på kring 500 millionar kroner i året. I fjor vart det eksportert laks for nær 30 milliardar kroner.
Frå 1. januar må oppdrettarane arbeide endå hardare for å få fjerna lakselusa frå oppdrettsfisken. Nye reglar seier at ein laks ikkje kan ha meir enn ein lus når den blir teken opp av havet.
(Artikkelen held fram under TV-saka)
NY METODE: I Nord-Norge prøver dei ferskvatn i kampen mot lakselusa.
Lusa påverkar ikkje mattryggleiken eller kvaliteten på fisken, men påfører fisken sår som kan gje infeksjonar og problem med saltbalansen. Det er altså her rognkjeksen kjem inn.
– Denne arten er ny, og vi veit ikkje så mykje om den. Det blir prøving og feiling heile vegen, seier oppdrettar Elin Tveit Sveen ved Marø Havbruk.
Henta 3.200 fiskar i Sogn
Leppefisk har lenge vore brukt mot lakselus, men den går i dvale når det blir for kaldt. Rognkjeksen, derimot, beitar også om vinteren.
Nyleg var Tveit Sveen til Sogndal og Fjordforsk Sogn for å hente 3.200 rognkjeksar til oppdrettsanlegget på Svanøy.
– Det viktigaste for rognkjeksen og leppefisken, er at den trivast oppi her. At den likar seg og held seg frisk så den får gjort det den skal – å ete lakselus, seier ho.
Ikkje nok åleine
Det florerer av metodar for å bli kvitt lakselusa, og det dukkar stadig opp nye. Mellom anna testar dei i Nord-Norge ut ein metode der dei nyttar ferskvatn.
- LES OGSÅ: Vil overvinne lakselus med blåskjel
- LES OGSÅ: Denne laseren skal fjerne lakselusa
- LES OGSÅ: Lusesnorkel mot lakseparasitt
Frank Nilsen ved Lakselussenteret hos Universitetet i Bergen, trur ikkje at økologiske alternativ som rognkjeksen åleine vil erstatte kjemisk behandling.
– Lusenivåa som oppdrettsanlegga må ha no, er så små at verken rognkjeks eller leppefisk vil klare å beite ned til det nivået. Eg trur ikkje det vil erstatte kjemiske middel, men er eit viktig hjelpemiddel i kontroll av lus, seier han.