Hopp til innhold

– Heilt håplaust å bruke pengane i Nederland

Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) er oppgitt over at regjeringa brukar hundrevis av millionar kroner på å leige fengselsplassar i Nederland framfor å bygge ut norske fengsel.

Jenny Klinge

VIL BYGGE UT I VIK: Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp).

Foto: Trond Vestre / NRK

I budsjettframlegget sitt går Senterpartiet inn for å løyve 21 millionar kroner til utbygging av Vik fengsel. Klinge meiner at dette vil vere langt meir fornuftig bruk av pengane enn å leige plassar i Nederland.

– Eg synest det er heilt håplaust, rett og slett, at vi brukar bortimot 300 millionar kroner på å leige fengselsplassar i Nederland når vi kunne ha brukt dei pengane på å utvide kapasiteten her til lands.

Ei utviding med 30 nye, lukka fengselsplassar ved Vik fengsel kostar medrekna kontorlokale mellom 40 og 45 millionar kroner. I alt fire parti på Stortinget har sett av pengar i framlegga sine til 2017-budsjett.

Men Jenny Klinge er skeptisk til om det let seg gjere å få fleirtal for løyvinga, sjølv om støttepartia til regjeringa, Kristeleg Folkeparti og Venstre, også i utgangspunktet er positive til utbygginga i Vik.

– Dessverre er stortingsfleirtalet heilt klare på at dei vil halde fram med å leige fengselsplassar i Nederland, framfor å bygge ut her i landet. Det synest vi i Senterpartiet er trist, for det er mogeleg å utvide fleire fengsel, mellom dei Vik fengsel.

Tidlegare har stortingsrepresentant Ingrid Heggø frå Arbeidarpartiet kome med den same kritikken mot leige av fengselsplassar som Klinge.

Men Marianne Vollan, som er direktør i Kriminalomsorgsdirektoratet, har tidlegare avvist i intervju med NRK at fengselsplassane i Nederland går utover kriminalomsorga i Norge.

– Desse fengselsplassane er jo finansierte for seg sjølv, så det har ingenting å seie for drift av fengsel i Norge.

"Norgerhaven Prison" i Veenhuizen i Nederland

NORSKE FANGAR: I dette fengselet i Veenhuizen i Nederland leiger Norge plassar.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Jenny Klinge seier det er påfallande at valutaendringar gjer leigeavtalen med Nederland 21 millionar kroner dyrare i 2017, akkurat den summen Senterpartiet vil løyve til Vik fengsel. I tillegg til kostnaden meiner ho det er mange uheldige sider ved å la norske fangar sone i utlandet.

– Det er vanskeleg for dei pårørande å kome på besøk, det er langt og dyrt å reise. Det er fleire som er sende med tvang, og det er heilt feil, meiner eg. Eit land som Norge bør kunne ta seg av sine eigne innsette.