Hopp til innhold

Rekdal skamrosar Sogndal-publikum

Den kontroversielle Ålesund trenaren har tidlegare sagt at det må vere noko gale med folk i Sogndal, at dei slit med mindreverdskompleks og at dei har Norges mest bedritne publikum.

Kjetil Rekdal
Foto: Arne Flatin / NRK

Men etter oppgjeret Ålesund Sogndal i går, der Ålesund vann 1-0, var han berre blid.

– Denne gongen var det ekstremt triveleg å vere her, og det skal dei ha skikkeleg ros for, seier trenaren.

LES: Sogndal ute av cupen .

Blei vanskeleg

Han høyrde ingenting negativt frå tribunene.

– Sogndal-tilhengjarane var opptekne med å støtte laget sitt, og det set eg pris på, fortel Rekdal.

Han fortel at fotballaget Sogndal var som venta.

– Det er eit lag med stor entusiasme som det er vanskeleg å score mål mot. Men vi klarte å halde nullen og fekk prikka inn eit mål, og då blei det ikkje lett for laget frå saftbygda, avsluttar trenaren.

Video nsps_upload_2009_7_9_10_27_50_467.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.