- Nokre formaliteter står att, men alt går no i retning av at det blir signering av ein avtale og at det blir produksjon av hybridfelgen i Høyanger, seier direktør Halvor Flatland i Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane.
LES OGSÅ:
Fransk bildelprodusent
I vår har vi høyrt at ein avtale med den franske bildelprodusenten Saint Jean Industries har vore nær ei signering, men saka har drege ut. Franskmennene ønskjer å produsere Fundo si patenterte oppfinning, det ekstra lette to-delte hybridhjulet i Høyanger.
Over 300 tilsette miste jobben då finanskrisa knekte den 30 år gamle bilfelgprodusenten i Høyanger. Innovasjon Norge som hadde 60 millionar kroner til gode hos Fundo, sit med pant i både bygningsmassen, driftsmidlar og ikkje minst i pantentet til den såkalla hybridfelten.
– Det meste er på plass
Innovasjon Norge vil no selje tomta, bygningsmassen og produksjonsutstyret til eit eigedomsselskap, som igjen leiger ut til Saint Jean.
– Det som har tatt litt tid, er at det i tillegg til Innovasjon Norge er eit leasingselskap inne i biletet. Det er avtalar mellom mange partar for å få dette til. Det står att ein siste finpuss på dette no, men hovudtyngda er på plass og alt ser no ut til å gå slik vi har håpa på, fastslår Flatland.
Etter det NRK Sogn og Fjordane kjenner til skal lokale investorar vere delaktige i det nye eigedomsselskapet, men Flatland vil ikkje ut med kva aktørar som er inne i biletet.
– Men vi har serøse aktørar i alle endar av denne saka, seier Flatland.
Vil sitje att med tap
Det som derimot er klart er at finansieringa, som lenge var usikker grunna skepsis hos bankane, no er i oden.
- I første fasen er finansieringa på plass så langt det er behov for, seier Flatland, som ikkje vil røpe kva kjøpssummen for Fundo-buet blir.
– Men eg kan forsikre om at vi kjem til å sitje att med tap. Men det får så vere. Vi er meir opptekne av å skape eit fundament for lønsam drift vidare.
Det er tre veker att til skulane tek ferie. Har vi ein avtale i boks innan den tid?
– Ja, eg trur det, svarar Flatland.
150 tilsette i 2015
Planen er ein forsiktig oppstart med produksjon av hybridfelgen. Franskmennene ser føre seg å starte med 14 tilsette, for så å auke produksjon og bemanning gradvis. I 2015 er målet 150 tilsette og ein produksjon på 500.000 felgar.
Hybridfelgen vart utvikla og patentert av Fundo, i tett samarbeid med Volvo og Audi. Felgen er både lettare og sterkare enn dei normalt heilstøpte aluminiumsfelgane. Til saman skal eit hjulsett vere fire kilo lettare enn tradisjonelle felgar.