– Folk braut seg inn og dumpa søppel

FANAFJELLET (NRK): Grunneigar, entreprenør og naturvernarar fortvilar. – Folk klipper kjettingar og dumpar søppel når det er mørkt.

Rivningsmassar på Fanafjellet

DUMPA: Slik ser det ut på Fanafjellet, der massar er blitt dumpa ulovleg.

Foto: 03030-tipsar

Etter mange års planlegging kunne dei tre grunneigarane i 2012 endeleg sende inn søknad om å få byggje skogsbilvegar på Fanafjellet.

– Dette har vi drøymt om lenge, og eg er stolt over det vi har fått til, seier Gunnar Kleive som representerer grunneigaren Opplysningsvesenets fond.

Men i 2017 fekk kommunen fleire bekymringsmeldingar. Då dei førte tilsyn, fann dei mellom anna plast, madrassar og ei kunstgrasmatte.

– Dette er strengt forbode, og vi synest slett ikkje om det, seier Helene Dahl, leiar for etat for landbruk i Bergen kommune.

Gunnar Kleive, Opplysningsvesenets Fond

Gunnar Kleive representerer grunneigar Opplysningsvesenets fond.

Foto: Elise Angell / NRK

– Klipper kjettingen og dumpar søppel om natta

Kommunen vurderte at massane som var brukte, var forureina. Grunneigarane fekk pålegg om å fjerne fleire lass. I tillegg måtte dei rydde bort søppel.

Entreprenøren på staden har fleire gongar opplevd at uvedkomande har teke seg inn på området på kveldstid og dumpa avfall.

– Dei klipper kjettingar og tippar lass når det er mørkt, seier Roald Toppe, dagleg leiar i Skogsvei Vest.

Han seier han fleire gongar har vore nøydd til å leite opp syndarane for å unngå kostnadar.

– I dei tilfella der vi ikkje finn ut kven som har hive frå seg skrotet, må vi sjølv fjerne det og frakte det til lovleg deponi.

Dagleg leiar i Skogsvei Vest AS, Roald Toppe.

Dagleg leiar i Skogsvei Vest AS, Roald Toppe.

Foto: Elise Angell / NRK

Mistenker forureina grunn på over 5000 stader

Ifølge Miljødirektoratet er det registrert over 5000 stader i Noreg der det anten er påvist eller mistanke om forureina grunn.

Dagleg leiar i Naturvernforbundet Hordaland, Nils Tore Skogland, trur det er snakk om store mørketal.

– Det er viktig at ein ikkje har plassar i naturen der det ser ut som det ligg avfall. Det kan gjere at andre trur det er greitt å dumpe søppel der.

Han meiner entreprenørar og utbyggarar bør vere kritiske til kva massar ein brukar.

– Det ligg ofte miljøgifter i bygnings- og rivingsavfall. Konsekvensane kan vere at dette forgiftar naturen, anten vassdrag eller jordsmonn.

Dagleg leiar i Naturvernforbundet Hordaland, Nils Tore Skogland

Dagleg leiar i Naturvernforbundet Hordaland, Nils Tore Skogland.

Foto: Ingfrid Hole Fossåskaret / NRK

Meiner massane har vore ureine

Kleive i Opplysningsvesenets fond fortel at vegane aldri hadde blitt bygde utan massane dei har fått. Turvegane er eit løft for området, meiner han.

– Vi som driv med skogbruk, har vore sultefôra på vegar. At vi har fått overskuddsmasse frå anleggsprosjekt, er grunnen til at vi kunne gjere dette, fortel Gunnar Kleive.

I tillegg til fleire meldingar om søppel har kommunen også fått tips om at sjølve massane som er brukte til vegbygginga, har vore ureine.

– Mellom anna er teglstein, betong og asfalt nytta. Det er massar vi ikkje kan vere sikre på er reine, fortel etatsleiar Dahl.

Kommunen skjerpar reglane etter skogsdumping

Toppe har lagt fram dokumentasjon på at massane ikkje er ureina. NRK har sett dokumentasjonen.

– Vi har dokumentasjon på alt som er brukt, og alt er lovleg.

For å unngå forvirring i framtida skjerpar likevel kommunen reglane etter fleire liknande tilfelle den siste tida.

– I alle vedtaka vi fattar, vert det no presisert at berre naturlege massar skal nyttast. Då er det ingen tvil om at det berre er snakk om grus og stein, seier Dahl.

Leiar i etat for landbruk i Bergen kommune, Helene Dahl

Leiar i etat for landbruk i Bergen kommune, Helene Dahl.

Foto: Elise Angell / NRK