– Fall gjennom ei snøbru

Den kanadiske turgåaren skal ikkje ha hamna nedi ein bresprekk, men ein sprekk mellom ein fjellknaus og ei snøfonn. Han skal ikkje ha vore utstyrt for brevandring. Det fortel Åsmund Bakke, leiar i Folgefonni breførarlag. Fleire breførarar var klare til å bistå redningsaksjonen laurdag. – Slik eg har forstått det, og ut frå området han var i, har han gått over ei snøbru mellom fast fjell og snøfenner. Det er eit stykke frå sjølve breen, seier Bakke. Han understrekar at det er trygt å ferdast på Folgefonna, så lenge ein går med breførar, eller har riktig utstyr og kjennskap til området ein ferdast i.