Fall ned i bresprekk på Folgefonna

Oppsummert

Ein kanadisk mann fall ned i ein bresprekk på isbreen Folgefonna i Hordaland. Mannen låg i sprekken i fire timar før han blei heist ut av redniningspersonell.

  • – Fall gjennom ei snøbru

    Den kanadiske turgåaren skal ikkje ha hamna nedi ein bresprekk, men ein sprekk mellom ein fjellknaus og ei snøfonn. Han skal ikkje ha vore utstyrt for brevandring. Det fortel Åsmund Bakke, leiar i Folgefonni breførarlag. Fleire breførarar var klare til å bistå redningsaksjonen laurdag. – Slik eg har forstått det, og ut frå området han var i, har han gått over ei snøbru mellom fast fjell og snøfenner. Det er eit stykke frå sjølve breen, seier Bakke. Han understrekar at det er trygt å ferdast på Folgefonna, så lenge ein går med breførar, eller har riktig utstyr og kjennskap til området ein ferdast i.

  • Sakna mann er heist opp

    Mannen som fall ned i ein bresprekk på Folgefonna, er heist opp. Han blir sendt til Haukeland sjukehus med helikopter, opplyser politiet. Mannen er medviten, og har det etter forholda bra. Mannen er frå Canada, men ferierer i Noreg.

  • Kanadisk statsborgar er sakna

    Personen, ein kanadisk statsborgar, har vore sakna i snart tre timar, etter at han har falle ned i ein bresprekk på isbreen Folgefonna. Mannen skal ha meldt frå om ulukka sjølv.

    Laster Twitter-innhold